EZEKIEL
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
Chapter 29
| Ezek | NorSMB | 29:1 | I det tiande året, den tolvte dagen i tiande månaden, kom Herrens ord til meg; han sagde: | |
| Ezek | NorSMB | 29:2 | Menneskjeson! Vend di åsyn mot Farao, kongen i Egyptarland, og spå mot honom og imot alt Egyptarland! | |
| Ezek | NorSMB | 29:3 | Tala og seg: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg skal finna deg, Farao, egyptarkonge, du, den store draken som ligg midt uti elvarne sine, og som segjer: «Eg eig mi elv, og sjølv hev eg gjort henne.» | |
| Ezek | NorSMB | 29:4 | Og eg vil setja krokar i kjakarne dine, og fiskarne i elvarne dine vil eg festa i reisti dine, so dreg eg deg upp utor elvarne dine med alle fiskarne i elvarne dine, dei som er feste i reisti dine. | |
| Ezek | NorSMB | 29:5 | Og eg skal kasta deg ut i øydemarki, deg og kvar ein fisk i elvarne dine. På berre marki skal du falla; du skal ikkje verta uppteken, ikkje uppsamla, dyri på jordi og fuglarne under himmelen skal få deg til mat. | |
| Ezek | NorSMB | 29:6 | Og alle som bur i Egyptarland, skal sanna at eg er Herren, for di at dei vart ein røyrstav åt Israels-lyden; | |
| Ezek | NorSMB | 29:7 | når dei grip um deg med handi, brotnar du og flengjer deim alle i herdi, og når dei styd seg på deg, ryk du i sund og fær deim alle til å sviga i lenderne. | |
| Ezek | NorSMB | 29:8 | Difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg let sverd koma yver deg, og eg vil rydja ut or deg folk og fe. | |
| Ezek | NorSMB | 29:9 | Og Egyptarlandet skal verta til audn og øyda - og dei skal sanna at eg er Herren - for di han sagde: «Elvi er mi, og eg sjølv hev gjort henne.» | |
| Ezek | NorSMB | 29:10 | Difor, sjå, eg vil finna deg og elvarne dine, og eg vil gjera Egyptarlandet til øydemarker, ei audn lagd i øyde, frå Midgol til Syene og alt til landskilet mot Ætiopia. | |
| Ezek | NorSMB | 29:11 | Igjenom det skal ikkje mannefot ganga, og fefot skal ikkje ganga gjenom det, og det skal vera ubygt i fyrti år. | |
| Ezek | NorSMB | 29:12 | Og eg vil leggja Egyptarlandet i øyde midt ibland øydeland, og i byarne - midt ibland øydestader - skal det vera audt i fyrti år. Og eg vil spreida egyptarane millom folki og strå deim kringum i landi. | |
| Ezek | NorSMB | 29:13 | For so segjer Herren, Herren: Når fyrti år er lidne, vil eg samla egyptarane frå dei folkeslag som dei var spreidde. | |
| Ezek | NorSMB | 29:14 | Og eg vil venda Egyptarlands lagnad og føra deim attende til Patroslandet, til det landet som dei er ætta ifrå, og der skal dei vera eit vesalt kongerike. | |
| Ezek | NorSMB | 29:15 | Det skal vera lægre enn andre kongerike og aldri meir hevja seg yver folki, og eg vil lata deim smogna i hop, so dei ikkje skal rikja yver folki. | |
| Ezek | NorSMB | 29:16 | Og aldri meir skal Israels-lyden der søkja seg livd og soleis minna meg um deira misgjerning, med di dei snur seg etter deim. Og dei skal sanna at eg er Herren, Herren. | |
| Ezek | NorSMB | 29:17 | So hende det i det sju og tjugande året, den fyrste dagen i fyrste månaden, at Herrens ord kom til meg; han sagde: | |
| Ezek | NorSMB | 29:18 | Menneskjeson! Nebukadressar, Babel-kongen, hev late heren sin stræva hardt mot Tyrus; kvart eit hovud er fleinskalla, og kvar ei herd avgnura. Men løn hev han og heren hans ikkje fenge av Tyrus for alt sitt stræv imot det. | |
| Ezek | NorSMB | 29:19 | Difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg gjev Nebukadressar, Babel-kongen, Egyptarland, og han skal taka rikdomen der og rana ranet og hertaka herfanget, og det skal vera løn åt heren hans. | |
| Ezek | NorSMB | 29:20 | Til løn åt honom for strævet gjev eg honom Egyptarland; for dei hev arbeidt for meg, segjer Herren, Herren. | |