EZEKIEL
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
Chapter 8
Ezek | NorSMB | 8:1 | Og det hende i det sette året, den femte dagen i sette månaden, medan eg sat i huset mitt, og styresmennerne i Juda sat framfor mi åsyn, at Herrens, Herrens hand fall på meg der. | |
Ezek | NorSMB | 8:2 | Og eg såg, og sjå, ein skapnad, sjåande til som eld; frå det som var sjåande av lenderne hans og nedetter som eld, og frå hans lender og uppetter var det som ei glima, som sylvblanda gull. | |
Ezek | NorSMB | 8:3 | Og han rette ut eitkvart som liktest på ei hand, og tok meg i ein lokk av hovudhåret, og åndi lyfte meg upp millom jord og himmel og førde meg til Jerusalem i syner frå Gud, dit der ein gjeng inn til den indre fyregarden gjenom den porten som snur mot nord, der som harmings-bilætet stod, det som valda harm. | |
Ezek | NorSMB | 8:5 | Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Lyft augo dine nordetter!» Og eg lyfte augo nordetter, og sjå, nordanfor altarporten var dette harmings-bilætet attmed inngangen. | |
Ezek | NorSMB | 8:6 | Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Ser du kva dei gjer? Store styggjor er det som Israels-lyden gjer her, so eg lyt fara langt burt ifrå heilagdomen min. Men du skal få sjå store styggjor.» | |
Ezek | NorSMB | 8:7 | Og han let meg koma til inngangen åt fyregarden. Og eg såg, å sjå, det var eit hol i veggen. | |
Ezek | NorSMB | 8:8 | Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Brjot igjenom veggen!» Og eg braut meg igjenom veggen, og sjå, der var ei dør. | |
Ezek | NorSMB | 8:10 | Og eg gjekk inn og såg, og sjå, der var alle slag bilæte av krek og firføtingar, styggedom, og alle dei ufysne avgudarne åt Israels-lyden, innrita på veggjerne rundt ikring. | |
Ezek | NorSMB | 8:11 | Og framfyre deim stod sytti mann, styresmennerne i Israels-lyden, og Ja’azanja Safansson stod midt imillom deim, og kvar og ein hadde eit røykjelseskjerald i handi, og det steig upp ange av røykjelseskyi. | |
Ezek | NorSMB | 8:12 | Og han sagde med meg: «Hev du set, menneskjeson, kva styresmennerne i Israels-lyden fer med i myrkret, kvar i sitt bilæt-rom? For dei segjer: «Herren ser oss ikkje; Herren hev vendt seg burt frå landet.»» | |
Ezek | NorSMB | 8:14 | Og han let meg koma åt inngangen til porten på Herrens hus, den som snur mot nord. Og sjå, der sat kvinnorne og gret for Tammus. | |
Ezek | NorSMB | 8:15 | Og han sagde med meg: «Hev du set, menneskjeson? Du skal enn få sjå styggjor, større enn desse.» | |
Ezek | NorSMB | 8:16 | Og han let meg koma i den indre fyregarden til Herrens hus. Og sjå, attmed inngangen til Herrens tempel, millom forhalli og altaret, var det ikring fem og tjuge menner; dei snudde ryggen til Herrens tempel og andliti i aust, og dei lutte seg austetter og bad til soli. | |
Ezek | NorSMB | 8:17 | Og han sagde med meg: «Hev du set det, menneskjeson? Kunde ikkje Juda-lyden nøgja seg med å gjera dei styggjor dei her hev gjort, men måtte fylla landet med vald og atter harma meg upp? Og sjå kor dei no held kvisten upp for nosi! | |