Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I SAMUEL
Prev Up Next
Chapter 29
I Sa NorSMB 29:1  Filistarane fylkte alle herarne sine i Afek. Israel låg i læger attmed kjelda i Jizre’el.
I Sa NorSMB 29:2  Filistarfyrstarne gjekk fram med sine hundrad mann og sine tusund. Og David og kararne hans kom attarst, i lag med Akis.
I Sa NorSMB 29:3  Filistarfyrstarne spurde: «Kva hev desse hebræarane her å gjera?» Akis svara: «De veit då at David som var hirdmann hjå Saul, Israels-kongen, han hev vore hjå meg år og dag, og eg hev aldri funne nokon ting å segja på honom frå den stund han vart min mann og til i dag.»
I Sa NorSMB 29:4  Men filistarfyrstarne vart forarga på honom, og dei sagde ifrå til honom: «Send den karen heim att! Lat honom halda seg på den staden du hev sett honom yver! Lat honom ikkje fara i strid saman med oss! Midt i slaget kann han venda seg mot oss. Kor kunde han betre vinna att godviljen hjå herren sin, enn med hovudi av hermennerne våre?
I Sa NorSMB 29:5  Er det ikkje til æra for denne David at dei syng med dei dansar: «Tusund tynte Saul men David tie tusund»?»
I Sa NorSMB 29:6  Då kalla Akis David til seg og sagde: «So sant Herren liver: Du er ein ærleg kar! og eg likar godt å sjå deg ganga ut og inn hjå meg i lægret. For eg hev inkje vondt funne hjå deg frå den stund du kom til meg og heilt til no. Men fyrstarne likar deg ikkje.
I Sa NorSMB 29:7  So far heim att i fred, so du ikkje skal gjera noko som filistarfyrstarne mislikar.»
I Sa NorSMB 29:8  David sagde med Akis: «Kva hev eg då gjort? og kva hev du funne å segja på tenaren din frå den dagen eg kom fram for deg og heilt til i dag, etter som du negtar meg å ganga i strid mot uvenerne dine, herre konge?»
I Sa NorSMB 29:9  Akis svara: «Eg veit best sjølv at eg held deg som ein gudsengel! Men filistarfyrstarne stend på sitt: han fær ikkje vera med oss i striden.
I Sa NorSMB 29:10  Ris no tidleg upp i morgon, du og tenarane åt herren din som er komne med deg; og når det de hev gjort, so far dykkar veg so snart det ljosnar!»
I Sa NorSMB 29:11  David og kararne hans reis då upp tidleg, for sin veg um morgonen, og kom heim att til Filistarlandet. Men filistarane drog upp til Jizre’el.