Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I SAMUEL
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 17
I Sa NorSMB 17:1  Filistarane stemnde saman herarne sine til strid. Dei stemnde til Soko, som høyrer til Juda. Og dei lægra seg millom Soko og Azeka ved Efes-Dammim.
I Sa NorSMB 17:2  Saul og Israels hermenner hadde og samla seg, og lægra seg i Eikedalen. Dei fylkte seg til slag mot filistarane.
I Sa NorSMB 17:3  Filistarane stod på den eine fjellsida, Israels-mennerne på hi, med dalen midt imillom seg.
I Sa NorSMB 17:4  Då steig det fram frå filistarfylkingi ei einvigskjempa. Han var frå Gat, og heitte Goliat, var seks alner og ei spann høg.
I Sa NorSMB 17:5  Han hadde ein koparhjelm på hovudet, og gjekk med ei ringbrynja av kopar på fem tusund lodd.
I Sa NorSMB 17:6  Han hadde koparspenger på føterne, og bar eit koparspjot på ryggen.
I Sa NorSMB 17:7  Spjotskaftet var som ein vevbom, og jarnet på spjotodden vog seks hundrad lodd. Og våpnsveinen hans gjekk fyre honom.
I Sa NorSMB 17:8  Han steig no fram og ropa til Israels-fylkingi, og sagde til deim: «Kvifor dreg de ut og fylkjer dykk til slag? Er ikkje eg filistar? og de Sauls trælar? Vel dykk ein som kann koma hit ned til meg!
I Sa NorSMB 17:9  Magtast han slåst med meg og fella meg, so skal me vera dykkar trælar. Men vinn eg på honom og feller honom, so skal de vera våre trælar og tena oss.»
I Sa NorSMB 17:10  Filistaren ropa framleides: «No hev eg svivyrdt Israels-fylkingi. Send ein hit til meg, so me kann slåst!»
I Sa NorSMB 17:11  Då Saul og heile Israel høyrde desse ordi av filistaren, skalv dei og vart ovleg rædde.
I Sa NorSMB 17:12  David var son åt denne efratiten Isai som er nemnd, i Betlehem i Juda. Isai hadde åtte søner. På Sauls tid var han gamall og mykje til års komen.
I Sa NorSMB 17:13  Dei tri eldste sønerne åt Isai fylgde Saul i krigen. Desse tri sønerne hans som gjekk i krigen heitte: den eldste Eliab, den andre Abinadab, og den tridje Samma.
I Sa NorSMB 17:14  David var den yngste. Det var dei tri eldste som fylgde Saul.
I Sa NorSMB 17:15  Og David gjekk tidt heim frå Saul og gjætte smalen åt far sin i Betlehem.
I Sa NorSMB 17:16  Filistaren kom fram kvar morgon og kvar kveld i fyrti dagar.
I Sa NorSMB 17:17  Isai sagde med David, son sin: «Tak ei skjeppa av desse steikte aksi, og desse ti brødi, og skunda deg med deim til lægret til brørne dine!
I Sa NorSMB 17:18  Og desse ti osteskivorne skal du gjeva føraren. Du skal sjå um det stend vel til med brørne dine, og få ei kvitting av deim.
I Sa NorSMB 17:19  For Saul og dei og heile Israels-heren er i Eikedalen i krig med filistarane.»
I Sa NorSMB 17:20  Tidleg næste morgon reis David upp, let smalen åt ein hyrding, leste på seg og gjekk av stad, som Isai hadde bode honom. Han kom fram åt vognborgi, nett med same heren gjekk fram i fylking og lyfte herrop.
I Sa NorSMB 17:21  Dei stod no slagbudde både Israel og filistarane, fylking mot fylking.
I Sa NorSMB 17:22  David let trænvakti taka vare på føringi si, og sprang burt til heren. Han helsa på brørne sine, og spurde kor til stod.
I Sa NorSMB 17:23  Med han stod og tala med deim, fekk han sjå einvigskjempa, filistaren - Goliat heitte han, og var frå Gat - som kom fram or filistarfylkingi, og tok upp att dei vanlege ordi, so David høyrde det.
I Sa NorSMB 17:24  Alle Israels-mennerne rømde undan då dei såg honom, og var ovleg rædde.
I Sa NorSMB 17:25  Ein av Israels-mennerne sagde: «Ser de den karen som kjem fram der? Til svivyrding for Israel kjem han. Den som feller honom, vil kongen gjeva rikdom, og dotter si vil han gjeva honom, og ætti hans skal verta fri alle skattar og tyngslor i Israel.»
I Sa NorSMB 17:26  David spurde deim som stod attmed honom: «Kva fær den som feller denne filistaren og tek ei sovori svivyrding burt frå Israel? for kven er denne u-umskorne filistaren som vågar svivyrda fylkingarne åt den livande Gud?»
I Sa NorSMB 17:27  Folki tok upp att dei same ordi; Det og det vil den få som feller honom.
I Sa NorSMB 17:28  Då Eliab, eldste bror hans, høyrde kva han sagde med folki, vart han brennande harm på David. «Kva kjem du her etter?» ropa han. «Kven hev du late den vesle smaleflokken til burte i øydemarki? Eg veit du er ei vyrdløysa, og full av vondska. Du kjem berre og vil sjå på slaget.»
I Sa NorSMB 17:29  David sagde: «Kva hev eg då gjort? Det var då berre ein spurnad.»
I Sa NorSMB 17:30  So vende han seg frå honom mot ein annan og kom med same spursmålet; og han fekk same svaret som fyrr.
I Sa NorSMB 17:31  Men dei spurdest, desse ordi David hadde sagt. Og dei kom for øyro åt Saul, og han sende bod etter honom.
I Sa NorSMB 17:32  Og David sagde med Saul: «Ingen må missa modet. Tenaren din vil ganga imot denne filistaren og slåst med honom.»
I Sa NorSMB 17:33  Men Saul sagde til David: «Du er ikkje før til å ganga i strid mot denne filistaren. Du er berre ungguten, og han er stridsmann alt frå barneåri.»
I Sa NorSMB 17:34  David svara Saul: «Tenaren din hev gjætt smalen til far; kom då ei løva eller ein bjørn og røva ein sau i flokken,
I Sa NorSMB 17:35  so fylgde eg etter og drap udyret og reiv sauen ut or gapet på det. Um det reis upp på tvo imot meg, tok eg strupetak og gav det bane.
I Sa NorSMB 17:36  Hev no tenaren din felt både løva og bjørn, skal det ganga nett like eins med denne u-umskorne filistaren; for han hev svivyrdt fylkingarne åt den livande Gud.»
I Sa NorSMB 17:37  Og David sagde: «Herren som fria meg ut or klørne åt løva og bjørn, han vil fria meg frå denne filistaren.» Då sagde Saul med David: «Gakk! og Herren vil vera med deg.»
I Sa NorSMB 17:38  Saul klædde på David våpnkjolen sin, sette ein koparhjelm på hovudet hans og gav honom ei brynja.
I Sa NorSMB 17:39  Og David spente sverdet hans ikring seg utanpå våpnkjolen, og freista ganga soleis. Men han var ikkje van med det, og han sagde til Saul: «Eg kann ikkje ganga med dette på meg; eg er ikkje van med det.» Og David lagde det av seg.
I Sa NorSMB 17:40  So tok han staven sin i handi, og fann seg fem av dei hålaste steinarne i bekkjefaret og lagde deim i gjætarskreppa si, som han hadde på seg. Slyngja si tok han i handi. Og so gjekk han fram imot filistaren.
I Sa NorSMB 17:41  Filistaren gjekk og fram imot David, og skjoldsveinen hans gjekk fyre.
I Sa NorSMB 17:42  Då no filistaren gådde David, bles han åt honom; for han var berre ungguten, raudleitt og væn å sjå til.
I Sa NorSMB 17:43  Filistaren ropa til David: «Meinar du eg er ein hund, sidan du kjem imot meg med stavar?» Og han banna David ved guden sin.
I Sa NorSMB 17:44  «Kom hit til meg!» ropa filistaren til David, «so skal eg gjeva kjøtet ditt åt fuglarne under himmelen og åt villdyri i marki.»
I Sa NorSMB 17:45  David svara filistaren: «Du kjem imot meg med sverd og langspjot og kastespjot. Men eg kjem imot deg i namnet åt Herren, allhers drott, han som er Gud for Israels-fylkingarne, deim som du hev svivyrdt.
I Sa NorSMB 17:46  I dag skal Herren gjeva deg i mitt vald. Eg skal fella deg og hogga hovudet ditt av deg. Dei daude skrottarne til filistarheren skal eg i dag gjeva åt fuglarne under himmelen og åt villdyri i marki, so all jordi skal skyna at Israel hev ein Gud,
I Sa NorSMB 17:47  og heile denne lyden skal skyna at det er ikkje med sverd og spjot Herren gjev siger. Striden høyrer Herren til; han gjev dykk i vår hand.»
I Sa NorSMB 17:48  Då no filistaren budde seg og gjekk til møtes med David, skunda David seg og sprang fram imot filistaren, burtimot filistarfylkingi.
I Sa NorSMB 17:49  David stakk handi i skreppa, tok upp ein stein, kasta, og råka filistaren i panna. Steinen sokk i panna hans, so han datt å gruve til jordi.
I Sa NorSMB 17:50  Soleis vann David på filistaren med ei slyngja si og ein stein, og drap filistaren, endå han hadde ikkje sverd i handi.
I Sa NorSMB 17:51  David sprang burtåt filistaren, tok sverdet hans, drog det ut or slira og drap honom og hogg hovudet av honom med det. Då filistarane såg at kjempa deira var daud, rømde dei.
I Sa NorSMB 17:52  Israels-heren og Juda-heren lagde i veg, lyfte herrop, og forfylgde filistarane dit der vegen tek av til Gai, ja heilt til portarne i Ekron; so det låg falne filistarar på vegen til Sa’arajim, ja heilt til Gat og Ekron.
I Sa NorSMB 17:53  So snudde Israels-heren attende frå forfylgjingi, og herja filistarlægret.
I Sa NorSMB 17:54  David tok hovudet åt filistaren og førde til Jerusalem; men våpni hans tok han heim til seg.
I Sa NorSMB 17:55  Då Saul såg David ganga imot filistaren, sagde han med Abner, herhovdingen sin: «Abner, kven er den guten son til?» Abner svara: «So visst som du liver, konge! eg veit ikkje.»
I Sa NorSMB 17:56  Då sagde kongen: «Få du greide på kven den ungdomen er son til!»
I Sa NorSMB 17:57  Og då David kom att, etter han hadde felt filistaren, tok Abner og førde honom fram for Saul; han heldt hovudet åt filistaren i handi.
I Sa NorSMB 17:58  Og Saul spurde honom: «Kven er du son til, guten min?» David svara: «Son til tenaren din, Isai i Betlehem.»