Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I SAMUEL
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 16
I Sa NorSMB 16:1  Herren sagde til Samuel: «Kor lenge etlar du å syrgja yver Saul? Eg hev då vanda honom, so han skal ikkje vera konge yver Israel. Fyll hornet ditt med olje og gakk av stad! Eg vil senda deg til Isai i Betlehem. Ein av sønerne hans hev eg etla til konge.»
I Sa NorSMB 16:2  Samuel sagde: «Kor kann eg ganga dit? Fær Saul fretta det, drep han meg.» Herren svara: «Tak ei kviga med deg, so kann du segja: «Eg er komen og vil ofra til Herren.»
I Sa NorSMB 16:3  So skal du beda Isai til offermåltidi, so skal eg lata deg vita det du skal gjera; og du skal salva åt meg den eg segjer.»
I Sa NorSMB 16:4  Samuel gjorde som Herren sagde: Då han kom til Betlehem, kom dei øvste i byen skjelvande imot honom og spurde: «Varslar det godt at du kjem?»
I Sa NorSMB 16:5  Han svara: «Ja, eg kjem og vil ofra til Herren. Det lyt helga dykk, so det kann vera med meg ved offermåltidi!» Og han helga Isai og sønerne hans og bad deim vera med ved offermåltidi.
I Sa NorSMB 16:6  Då dei kom, og han fekk sjå Eliab, tenkte han: «Der stend visst framfor Herren den han salvar.»
I Sa NorSMB 16:7  Men Herren sagde til Samuel: «Skoda ikkje på kor han ser ut, kor stor og høg han er på vokster; for honom vil eg ikkje hava. Det munar ikkje det menneskja ser; menneskja ser på utsyni, men Herren ser på hjarta.»
I Sa NorSMB 16:8  Då kalla Isai på Abinadab og let honom ganga fram for Samuel. Men han sagde: «Heller ikkje denne hev Herren valt seg ut.»
I Sa NorSMB 16:9  Isai let Samma ganga fram. Men han sagde: «Heller ikkje denne hev Herren valt.»
I Sa NorSMB 16:10  Isai sju av sønerne ganga fram for Samuel. Men Samuel sagde til Isai: «Herren hev ikkje valt ut nokon av desse.»
I Sa NorSMB 16:11  «Er dette alle gutarne dine?» spurde han Isai. Han svara: «Endå er den yngste att. Men han gjæter smalen.» «Send bod etter honom!» sagde Samuel med Isai; «for me vil ikkje setja oss til bords fyrr han kjem hit.»
I Sa NorSMB 16:12  Då sende han bod etter honom. Han var raudleitt, hadde bjarte øugo, og var væn å sjå til. Og Herren sagde: «Ris upp og salva honom; han er det!»
I Sa NorSMB 16:13  Då tok Samuel oljehornet og salva honom, so brørne hans såg på. Og Herrens Ande kom yver David frå den dagen og sidan. So stod Samuel upp og drog til Rama.
I Sa NorSMB 16:14  Etter Herrens Ande hadde vike frå Saul, kom det ei vond ånd frå Herren yver honom i brårider.
I Sa NorSMB 16:15  Tenarane åt Saul sagde med honom: «Sjå, du fær brårider av ei vond ånd frå Gud.
I Sa NorSMB 16:16  Herre, seg med tenarane dine som stend framfor deg, at dei leitar upp ein som kann leika på harpa! Når so den vonde åndi frå Gud kjem yver deg, kann han spela; då vil du besna.»
I Sa NorSMB 16:17  Saul sagde då med tenarane sine: «Sjå dykk ut for meg ein mann som er god til å spela, og få honom hit til meg!»
I Sa NorSMB 16:18  Ein av sveinarne svara: «Eg veit ein son åt Isai i Betlehem som kann spela, ein gjæv gut, våpndjerv, ordhag og fager. Herren er med honom.»
I Sa NorSMB 16:19  Saul sende då bod til Isai og bad honom: «Send hit til meg David, son din, han som er med smalen!»
I Sa NorSMB 16:20  Isai tok då og klyvja eit asen med mat, ei vinhit og eit kid og sende til Saul med David, son sin.
I Sa NorSMB 16:21  So kom David til Saul og vart tenaren hans. Han vart svært glad i honom og gjorde honom til våpnsveinen sin.
I Sa NorSMB 16:22  Og Saul sende bod til Isai og bad: «Kjære, lat David stogga hjå meg! for eg hev fenge godvilje for honom.»
I Sa NorSMB 16:23  So tidt åndi frå Gud kom yver Saul, so tok David harpa og leika på henne. Då letna det for Saul. Han besna, og den vonde åndi slepte honom.