I SAMUEL
Chapter 8
I Sa | NorSMB | 8:3 | Men sønerne fylgde ikkje hans fotefar; dei let seg lokka av låk vinning og tok mutor, og rengde retten. | |
I Sa | NorSMB | 8:5 | Dei sagde til honom: «Sjå, du hev vorte gamall, og sønerne dine fylgjer ikkje dine fotefar. So set no ein konge yver oss til å skifta rett, liksom alle dei hine folki hev!» | |
I Sa | NorSMB | 8:6 | Men Samuel mislika dette, at dei sagde: «Gjev oss ein konge til å skilja trættorne våre!» Og Samuel bad til Herren. | |
I Sa | NorSMB | 8:7 | Men Herren sagde til Samuel: «Lyd folkekravet! Ikkje deg hev dei vanda; meg hev dei vanda, og vil ikkje hava meg til konge lenger. | |
I Sa | NorSMB | 8:8 | Liksom dei hev fare åt alle dagar frå den tid eg førde deim upp frå Egyptarland, då dei snudde ryggen til meg og tente andre gudar; soleis fer dei ogso åt mot deg. | |
I Sa | NorSMB | 8:9 | Lyd kravet deira! Men vara deim ålvorleg, og seg kva rett ein konge tek seg når han rikjer yver deim!» | |
I Sa | NorSMB | 8:10 | Og Samuel fortalde til folket som kravde ein konge av honom, alt det Herren hadde sagt. | |
I Sa | NorSMB | 8:11 | Han sagde: «Dette tek han seg rett til, den kongen som kjem til å rikja yver dykk: Sønerne dykkar vil han taka og bruka framfor vognerne og hestarne sine, so dei lyt springa framfyre vognerne; | |
I Sa | NorSMB | 8:12 | sume vil han setja til førarar og underførarar for herflokkerne sine; sume vil han setja til å pløgja åkerjordi si og til å gjera skurdonni og laga krigsvåpni sine og køyregreidorne sine; | |
I Sa | NorSMB | 8:14 | Dei beste åkrarne og vinhagarne og oljeplantingarne dykkar vil han taka og gjeva åt tenarane sine. | |
I Sa | NorSMB | 8:15 | Han vil taka tiend av såjordi og vinhagarne dykkar og gjeva henne åt hirdmennerne og tenarane sine. | |
I Sa | NorSMB | 8:16 | Dessutan vil han taka tenestdrengjerne og tenestgjentorne dykkar og dei likaste unggutarne dykkar, og asni dykkar vil han taka og bruka i si eigi tenesta. | |
I Sa | NorSMB | 8:18 | Då vil de ropa til Herren for den kongen skuld som de sjølv hev valt dykk. Men då vil han ikkje svara dykk.» | |
I Sa | NorSMB | 8:19 | Men folket vilde ikkje lyda Samuel; «Nei,» sagde dei, «so sanneleg vil me hava ein konge. | |
I Sa | NorSMB | 8:20 | Me vil vera jamgode med alle dei hine folki; me vil hava ein konge til domar og til hovding yver heren i krig.» | |