Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I SAMUEL
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 23
I Sa NorSMB 23:1  Folk melde til David: «Filistarane held på og strider mot Ke’ila, og dei herjar treskjestaderne.»
I Sa NorSMB 23:2  Då spurde David Herren: «Skal eg draga av stad og slå desse filistarar?» Herren svara David: «Ja, drag av stad, slå filistarane og fria ut Ke’ila!»
I Sa NorSMB 23:3  Men folki åt David sagde med honom: «Me er alt fyrr rædde um oss her i Juda. Kor skal det då ganga når me fer til Ke’ila mot filistarfylkingi?»
I Sa NorSMB 23:4  Då spurde David Herren andre gongen, og Herren svara honom: «Ris upp! drag ned til Ke’ila! Eg gjev filistarane i di hand.»
I Sa NorSMB 23:5  So for David med kararne sine til Ke’ila og stridde mot filistarane, førde burt buskapen deira, og gjorde stort mannefald millom deim. Soleis fria David folket i Ke’ila.
I Sa NorSMB 23:6  Då Abjatar Ahimeleksson rømde til David i Ke’ila, hadde han med seg messehakelen.
I Sa NorSMB 23:7  Saul fekk vita at David var komen til Ke’ila. Då sagde Saul: «Gud hev gjeve honom i mi magt, sidan han hev stengt seg inne i ein by med portar og slåer.»
I Sa NorSMB 23:8  So baud Saul ut alt folket til strid. Dei skulde draga ned til Ke’ila og kringsetja David og folket hans.
I Sa NorSMB 23:9  Då no David fekk vita at Saul lagde meinråder mot honom, sagde han til presten Abjatar: «Ber hit messehakelen!»
I Sa NorSMB 23:10  Og David sagde: «Herre, Israels Gud! Tenaren din hev spurt for sant at Saul tenkjer å koma til Ke’ila og øyda byen for mi skuld.
I Sa NorSMB 23:11  Vil då Ke’ila-buarne gjeva meg i hans hand? Kjem Saul hit, som tenaren din hev spurt? Herre, Israels Gud! Lat tenaren din få vissa for det!» Herren svara: «Ja, han kjem hit.»
I Sa NorSMB 23:12  David spurde endå ein gong: «Vil Ke’ila-buarne gjeva meg og kararne mine i Sauls hender?» Herren svara: «Ja, dei vil det.»
I Sa NorSMB 23:13  Då reis David upp med kararne sine, um lag seks hundrad mann, og drog ut frå Ke’ila, og ferdast kvar helst det høvde. Då Saul fekk melding at David var rømd frå Ke’ila, let han vera å draga ut.
I Sa NorSMB 23:14  So heldt David seg i øydemarki i fjellborgerne, og heldt seg millom fjelli i øydemarki Zif. Saul leita etter honom allstødt. Men Gud gav honom ikkje hans hand.
I Sa NorSMB 23:15  Medan David var i Hores i øydemarki Zif, såg han at Saul hadde fare ut og vilde drepa honom.
I Sa NorSMB 23:16  Jonatan Saulsson for av stad og gjekk til David i Hores, og styrkte modet hans i Gud.
I Sa NorSMB 23:17  Han sagde til honom: «Ver hugheil! handi hans Saul, far min, skal ikkje nå deg. Du skal verta konge yver Israel, og eg skal vera den andre etter deg. Det skyner ogso Saul, far min.»
I Sa NorSMB 23:18  So gjorde dei båe ei pakt for Herren. Og David heldt seg i Hores. Men Jonatan for heim att.
I Sa NorSMB 23:19  Nokre Zif-folk drog upp til Saul i Gibea og sagde: «David held seg løynd hjå oss, i fjellborgerne i Hores, på Hakilahøgdi, sunnanfor øydemarki.
I Sa NorSMB 23:20  Tekkjest det deg å draga ned no, konge, so gjer det! Vår sak vert det då å gjeva honom i kongens hand.»
I Sa NorSMB 23:21  Då sagde Saul: «Velsigna av Herren vere de, at de tykkjer synd i meg.
I Sa NorSMB 23:22  Far no heim, og få endå meir vissa! finn ut og sjå etter kva stad han ferdast, og kven det er som ser honom der! For dei hev sagt meg at han er ein ful fant.
I Sa NorSMB 23:23  Finn ut og få greida på alle løynstader, der han kann løyna seg! Kom so att til meg, når det hev fenge vissa! so vil eg draga med dykk. Finst han i landet, skal eg vita å leita honom upp, um eg so skal leita millom alle Juda-ætterne.»
I Sa NorSMB 23:24  So tok dei ut og gjekk til Zif fyre Saul. David og kararne hans var i øydemarki Maon, på heidi sunnanfor øydemarki.
I Sa NorSMB 23:25  Då no Saul drog av stad med folki sine på leit etter David, fekk David høyra gjete det, og drog då ned på ein hamar, og heldt seg i øydemarki Maon. Då Saul frette det, sette han etter David inn i øydemarki Maon.
I Sa NorSMB 23:26  Saul gjekk på den eine fjellsida, og David og kararne hans på hi. Nett som no David gjekk i angest og vilde sleppa frå Saul, og Saul og folki hans freista ringa David og kararne hans og fanga deim,
I Sa NorSMB 23:27  so kom det bod til Saul: «Skunda deg og kom! filistarane hev falle inn i landet.»
I Sa NorSMB 23:28  So heldt Saul upp med å forfølja David, og drog mot filistarane. Derav fekk den staden namnet Sela-Hammahlekot.