Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
II SAMUEL
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 21
II S NorSMB 21:1  I Davids tid kom tri store uår etter kvarandre. Då gjorde David spursmål til Herren um det. Herren svara: «På Saul og hans hus kvilar blodskuld, av di han drap gibeonitarne.»
II S NorSMB 21:2  Kongen kalla då til seg Gibeon-mennerne og tala med deim. Gibeonitarne var ikkje israelitar, men var ei atterleiva av amoritarne. Endå Israels-borni hadde gjort eiden sin til deim, hadde Saul vore so ihuga for Israels-borni og for Juda, at han freista tyna deim.
II S NorSMB 21:3  David spurde no gibeonitarne: «Kva kann eg gjera for dykk? Korleis kann eg sona brotet, so de vil velsigna Herrens arvlut?»
II S NorSMB 21:4  Gibeonitarne svara: «Ikkje sylv og gull krev me av Saul og hans hus. Og ikkje hev me lov å drepa nokon mann i Israel.» Han spurde: «Kva ynskjer det då eg skal gjera for dykk?»
II S NorSMB 21:5  Dei svara kongen: «Den mannen som vilde tyna oss og tenktest rydja oss ut, so me ikkje lenger skulde få halda oss nokon stad innanfor Israels landskil,
II S NorSMB 21:6  av hans etterkomarar må det gjeva oss sju mann, og me vil leggja deim på stegl for Herrens augo i Sauls Gibea, han som Herren valde ut.» Kongen sagde: «De skal eg gjera.»
II S NorSMB 21:7  Kongen sparde Mefiboset Jonatansson, soneson åt Saul, for skuld den eiden ved Herren som David og Jonatan Saulsson hadde svore einannan.
II S NorSMB 21:8  Derimot tok kongen dei tvo sønerne Armoni og Mefiboset som Saul hadde fenge med Rispa Ajadotter, og dei fem sønerne som Adriel Barzillaison frå Mehola hadde fenge med Mikal Saulsdotter.
II S NorSMB 21:9  Deim gav han yver til gibeonitarne. Og dei lagde deim på stegl på fjellet for Herrens augo. Dei fekk sin bane alle sju på ein gong. Det var dei fyrste skurddagarne, då byggskurden tok til, at dei let livet.
II S NorSMB 21:10  Rispa Ajadotter tok syrgjebunaden sin og breidde ut uppå fjellet frå skurdonni tok til, og til dess det strøymde regn yver deim frå himmelen. Ho let ikkje fuglarne under himmelen slå ned på deim um dagen, heller ikkje villdyri frå marki um natti.
II S NorSMB 21:11  Då David spurde det Rispa Ajadotter, fylgjekona åt Saul, hadde gjort,
II S NorSMB 21:12  drog David av stad og let henta beini etter Saul og Jonatan, son hans, hjå borgarne i Jabes i Gilead. Dei hadde i løynd teke liki frå torget i Bet-San, der som filistarane hadde hengt deim upp då dei hadde slege Saul på Gilboa.
II S NorSMB 21:13  Då han fekk ført beini etter Saul og Jonatan, son hans, upp derifrå, sanka dei i hop beini etter deim som var lagde på stegl,
II S NorSMB 21:14  og gravlagde deim saman med beini etter Saul og Jonatan, son hans, i Benjaminslandet, i Sela, i gravi åt Kis, far hans. Dei gjorde alt det kongen baud. Og etterpå det vende Gud sin nåde til landet.
II S NorSMB 21:15  Det vart krig millom filistarane og Israel att. David drog ned med tenarane sine; og dei slost med filistarane. Men David trøytna.
II S NorSMB 21:16  Jisbo-Benob, ein ætting av Rafa - han hadde eit spjot som vog tri hundrad lodd kopar, og han hadde spent um seg eit nytt sverd - han tenktest drepa David.
II S NorSMB 21:17  Men Abisai Serujason hjelpte kongen og gav filistaren banehogg. Då svor Davids menner ein eid til honom, og sagde: «Du må aldri meir draga ut med oss i strid. Elles kann Israels lampa slokna.»
II S NorSMB 21:18  So hende det sidan at det stod ein bardage med filistarane ved Gob. Då slo husatiten Sibbekai Saf av Rafa-ætti.
II S NorSMB 21:19  Då det endå ein gong stod eit slag mot filistarane ved Gob, gav Elhanan, son åt Ja’are-Orgim frå Betlehem, Goliat frå Gat banehogg, han som hadde eit spjotskaft so stort som ein vevbom.
II S NorSMB 21:20  Då det vart eit slag att ved Gat, var der ein storvaksen mann som hadde seks fingrar på kvar hand og seks tær på kvar fot, fire og tjuge til saman. Han var ogso utstokken frå Rafa-ætti.
II S NorSMB 21:21  Han svivyrde Israels-mennerne. Jonatan, son åt Simea, bror åt David, gav honom difor banehugg.
II S NorSMB 21:22  Desse fire var ætta frå Rafa i Gat. Og dei fall for David og mennerne hans.