Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
II SAMUEL
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 12
II S NorSMB 12:1  Og Herren sende Natan til David. Då han kom inn til honom, sagde han med honom: «Det var tvo menner i ein by; den eine var rik, og den andre var fatig.
II S NorSMB 12:3  Fatigmannen åtte inkje anna enn eit lite saulamb, som han hadde kjøpt og ale upp, og som voks upp inne hjå honom og sønerne hans, i lag med deim; det åt av brødbiten hans og drakk av staupet hans, og låg i fanget hans og var som ei dotter for honom.
II S NorSMB 12:4  So kom ein vegfarande mann til rikmannen. Då timdest han ikkje taka av sine eigne sauer eller naut sine og laga til åt ferdamannen som var komen til honom, men tok saulambet åt fatigmannen og laga til åt mannen som var komen til honom.»
II S NorSMB 12:5  Då loga harmen veldug upp i David mot mannen, og han sagde til Natan: «So sant Herren liver: den mannen som det hev gjort, skal lata livet;
II S NorSMB 12:6  og saulambet skal han bøta firfaldt, for di han for soleis fram og var so hjartelaus.»
II S NorSMB 12:7  Natan svara: «Du er mannen. So segjer Herren, Israels Gud: «Eg salva deg til konge yver Israel; eg frelste deg or Sauls hand.
II S NorSMB 12:8  Eg gav deg huset åt herren din, og konorne åt herren din lagde eg i ditt fang. Eg sette deg yver Israels hus og Judas hus. Og var det for lite, so hadde eg gjeve deg endå meir både av eitt og hitt.
II S NorSMB 12:9  Kvifor hev du då vanvyrdt Herrens ord, og gjort det som er ilt i hans augo? Hetiten Uria hev du drepe med sverd, og kona hans hev du teke til kona åt deg sjølv! Honom myrde du med ammonitarsverd.
II S NorSMB 12:10  Difor skal no sverdet aldri vika frå ditt hus, av di du vanvyrde meg og tok kona åt hetiten Uria til kona åt deg sjølv.»
II S NorSMB 12:11  So segjer Herren: «Sjå, eg let ulukke koma yver deg frå ditt eige hus. Konorne dine tek eg burt frå augo dine og gjev deim åt ein annan, so han ligg med konorne dine midt på ljose dagen.
II S NorSMB 12:12  Du let det henda i løyndom; eg let dette henda midt på ljose dagen, so heile Israel er vitne til det.»»
II S NorSMB 12:13  David svara Natan: «Synda hev eg mot Herren.» Natan sagde til David: «So hev Herren ogso ettergjeve deg skuldi di; du skal ikkje døy.
II S NorSMB 12:14  Men av di du hev fenge Herrens fiendar til å spotta honom for denne sak skuld, so skal heller ikkje den sonen du hev fenge vera liv lage.»
II S NorSMB 12:15  So gjekk Natan heim. Men Herren søkte med sott det barnet David hadde fenge med kona hans Uria.
II S NorSMB 12:16  David spurde Gud for barnet. Og David fasta. Og når han kom heim og skulde leggja seg um natti, lagde han seg på golvet.
II S NorSMB 12:17  Dei øvste tenarane hans gjekk upp til honom og freista reisa honom upp frå golvet. Men han vilde ikkje. Heller ikkje heldt han måltid i lag med deim.
II S NorSMB 12:18  Sjuande dagen døydde barnet. Då våga ikkje tenarane åt David melda honom at barnet hadde slokna. Dei tenkte: «Tala me til honom med barnet var i live, so lydde han ikkje på oss; kor kann me då melda honom at barnet hev slokna? Han kunde gjera ei ulukka!»
II S NorSMB 12:19  Men David gådde at tenarane kviskra saman, og han skyna barnet var dåe. David spurde tenarane: «Hev barnet slokna?» Dei svara ja.
II S NorSMB 12:20  Då reis David upp frå golvet, vaska seg, salva seg, skifte klæde, gjekk inn i Herrens hus og kasta seg ned for honom. Og då han kom heim, bad han um mat. Dei fram mat åt honom, og han tok til å eta.
II S NorSMB 12:21  Då spurde tenarane honom: «Korleis heng dette i hop? So lenge barnet var i live, fasta du og gret for det; men når barnet hev slokna, ris du upp og held måltid!»
II S NorSMB 12:22  Han svara: «So lenge barnet var i live, fasta eg og gret. Eg tenkte: «Kven veit? kann henda Herren vil miskunna meg og lata barnet liva!»
II S NorSMB 12:23  Men kvifor skulde eg fasta no det er dåe? Kann eg få det att meir? Eg skal fara til honom. Men han kjem ikkje att til meg.»
II S NorSMB 12:24  David trøysta Batseba, kona si. Han budde hjå henne og låg med henne. Ho åtte ein son, som han gav namnet Salomo. Honom hadde Herren kjær.
II S NorSMB 12:25  Han sende bod med profeten Natan. Og han gav honom namnet Jedidja for Herrens skuld.
II S NorSMB 12:26  Joab gjorde åtak på hovudstaden Rabba i Ammonitarlandet, og hertok byen.
II S NorSMB 12:27  So sende Joab bod til David og melde: «Eg hev gjort åtak på Rabba og hev teke vats-byen.
II S NorSMB 12:28  Stemn no i hop resten av folket! Kringset og tak byen, so det ikkje skal heitast at eg hev teke byen, og fær ordet for det!»
II S NorSMB 12:29  David stemnde då saman alt herfolket, drog til Rabba, gjorde åtak og tok byen.
II S NorSMB 12:30  Han tok kongekruna frå hovudet på kongen. Ho var av gull og vog vel tvo vågar og var prydd med ein glimestein. Ho vart no sett på Davids hovud. Eit veldugt herfang førde han heim frå byen.
II S NorSMB 12:31  Folket i byen slæpte han burt, og sette til arbeid ved sagbruki, med treskjevalsorne av jarn og med jarnøksarne, og let deim træla ved tiglomnarne. Soleis gjorde han med alle ammonitarne. So snudde David med alt folket heim att til Jerusalem.