Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
III JOHN
Up
1
Chapter 1
III NorSMB 1:1  Den eldste til den kjære Gaius, som eg elskar i sanning.
III NorSMB 1:2  Kjære ven! Eg ynskjer at du i alle måtar må liva vel og hava helsa, liksom di sjæl liver vel.
III NorSMB 1:3  For eg vart mykje glad då det kom nokre brør og vitna um di sanning, korleis du ferdast i sanning.
III NorSMB 1:4  Eg hev ingi større gleda enn det, at eg høyrer mine born ferdast i sanningi.
III NorSMB 1:5  Kjære ven, du gjer ei trufast gjerning med det du gjer mot brørne, og det jamvel mot dei framande,
III NorSMB 1:6  og dei hev vitna for kyrkjelyden um din kjærleik. Du gjer vel um du hjelper deim i veg, som det er sømelegt for Gud.
III NorSMB 1:7  For det er for hans namn skuld dei er gjengne ut, og dei tek ikkje imot noko av heidningarne.
III NorSMB 1:8  Me er då skuldige til å taka imot slike, so me kann verta medarbeidarar for sanningi.
III NorSMB 1:9  Eg hev skrive til kyrkjelyden; men Diotrefes, som gjerne vil vera fyrstemannen millom deim, tek ikkje imot oss.
III NorSMB 1:10  Difor vil eg, når eg kjem, minna um dei gjerningar som han gjer, med di han baktalar oss med vonde ord; og ikkje nøgd med det, tek han ikkje sjølv imot brørne, og deim som det vil, hindrar han og støyter deim ut or kyrkjelyden.
III NorSMB 1:11  Kjære, gjer ikkje etter det vonde, men etter det gode! den som gjer godt, er av Gud; den som gjer vondt, hev ikkje set Gud.
III NorSMB 1:12  Demetrius hev godt lov av alle og av sjølve sanningi; ogso me gjev honom godt vitnemål, og du veit at vårt vitnemål er sant.
III NorSMB 1:13  Eg hadde mangt å skriva til deg, men eg vil ikkje skriva til deg med blekk og penn.
III NorSMB 1:14  Men eg vonar å få sjå deg snart, og då skal me talast ved munn til munn. Fred vere med deg! Venerne helsar deg. Helsa venerne med namn!