Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOSHUA
Prev Up Next
Chapter 1
Josh NorSMB 1:1  Då Moses, Herrens tenar, var slokna, då tala Herren soleis til Josva Nunsson, fylgjesveinen hans:
Josh NorSMB 1:2  «Moses, tenaren min, er slokna. Gjer deg no reidug og far med alt dette folket yver Jordanåi til det landet som eg vil gjeva Israels-sønerne!
Josh NorSMB 1:3  Kvar staden de set foten på, gjev eg dykk, soleis som eg sagde med Moses:
Josh NorSMB 1:4  Frå øydemarki og Libanon der nord til Storelvi, Eufrat, yver heile Hetitarlandet, alt til det store havet der soli glader, skal riket dykkar nå.
Josh NorSMB 1:5  I alle dine livedagar, skal ingen vera mann til å standa seg mot deg. Eg skal vera med deg, liksom eg var med Moses; aldri skal eg sleppa deg og aldri forlata deg.
Josh NorSMB 1:6  Ver sterk og stød! For du skal hjelpa dette folket til å vinna det landet som eg lova federne deira å gjeva deim.
Josh NorSMB 1:7  Ver du berre retteleg sterk og stød, so du aldri gløymar å halda deg etter heile den lovi som Moses, tenaren min, lærde deg! Vik ikkje av ifrå den, korkje til høgre eller vinstre! Då kjem du til å stella deg visleg i all di ferd.
Josh NorSMB 1:8  Hav allstødt denne lovi på tunga, og grunna på henne natt og dag, so du kjem i hug å liva etter alt det som der stend skrive! Då skal du hava lukka med deg på vegarne dine; for då fer du visleg fram.
Josh NorSMB 1:9  Du veit eg hev sagt deg at du skal vera sterk og stød, ikkje ræddast og ikkje fæla; for Herren, din Gud, er med deg, kvar du fær.»
Josh NorSMB 1:10  Då tala Josva til formennerne for lyden og sagde:
Josh NorSMB 1:11  «Gakk kring i lægret og seg so til folket: «No lyt de laga til ferdakost åt dykk: for um tri dagar skal de fara yver Jordan, so de kann koma inn og eigna til dykk det landet som Herren, dykkar Gud, vil gjeva dykk!»»
Josh NorSMB 1:12  Og til rubenitarne og gaditarne og helvti av Manasse-ætti tala han so:
Josh NorSMB 1:13  «Kom i hug kva Moses, Herrens tenar, sette dykk fyre då han sagde: «Herren, dykkar Gud, vil at de skal koma til ro; difor gjev han dykk dette landet.»
Josh NorSMB 1:14  No skal konorne og borni dykkar og bufeet verta verande i det landet som Moses gav dykk austanfor Jordan; men sjølve lyt de, so mange av dykk som er fullgode stridsmenner, fara herbudde fyre brørne dykkar og hjelpa deim,
Josh NorSMB 1:15  til dess Herren let deim og koma til ro liksom de, og dei hev eigna til seg det landet som Herren, dykkar Gud, vil gjeva deim; då skal de fara heim att og busetja dykk i dykkar eige land, det som Moses, Herrens tenar, gav dykk her på austsida av Jordan.»
Josh NorSMB 1:16  Då svara dei Josva so: «Alt du hev sagt til oss, skal me gjera, og kvar du sender oss, skal me ganga.
Josh NorSMB 1:17  Liksom me lydde Moses i alle ting, soleis vil me og lyda deg, berre Herren, din Gud, er med deg, som han var med Moses.
Josh NorSMB 1:18  Den som set seg upp imot bodi dine og ikkje lyder deg i alt du segjer han fyre, han skal døy. Ver du berre sterk og stød!»