Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOSHUA
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 9
Josh NorSMB 9:1  Då dette spurdest kom dei i hop alle kongarne som budde vestanfor Jordan, i fjellbygderne og på flatlandet og langsetter heile havstrandi til midt for Libanon - kongarne yver hetitarne og amoritarne og kananitarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne -
Josh NorSMB 9:2  og dei lova alle med ein munn at dei vilde strida mot Josva og Israel.
Josh NorSMB 9:3  Gibeon-buarne fekk og høyra kva Josva hadde gjort med Jeriko og Aj.
Josh NorSMB 9:4  Då fann dei på ei sløg råd: dei tok ut på ei ferd og lest vera sendemenner; det dei førde med seg på asni sine, hadde dei i gamle sekkjer og gamle vinhitar, som var rivna og ihopatt-knytte.
Josh NorSMB 9:5  Dei hadde gamle, lappa skor på føterne, og gjekk med slitne klæde; og alt nistebrødet deira var turt og smuldra.
Josh NorSMB 9:6  Soleis kom dei til Josva i lægret attmed Gilgal, og sagde til honom og Israels-mennerne: «Me kjem frå eit land som ligg langt burte. Vil de ikkje gjera samband med oss?»
Josh NorSMB 9:7  Men Israels-mennerne sagde til hevitarne: «De bur vel helst her tett innmed oss; korleis kann me då gjera samband med dykk?»
Josh NorSMB 9:8  Då sagde dei til Josva: «Me vil vera tenarane dine.» «Kven er de, og kvar kjem de frå?» spurde han.
Josh NorSMB 9:9  «Me er komne langt, langt burtantil frå eit anna land for det ordet skuld som gjeng um Herren din Gud», svara dei; «for då me høyrde gjete honom og fekk spurt alt det han hadde gjort i Egyptarland,
Josh NorSMB 9:10  og kva han hadde gjort med båe amoritarkongarne på hi sida Jordan, Sihon, kongen i Hesbon, og Og, Basan-kongen, som budde i Astarot,
Josh NorSMB 9:11  då sagde styresmennerne våre og heile landslyden til oss: «Nista dykk ut, og far til møtes med deim, og seg til deim: «Me vil vera tenarane dykkar; vil de ikkje gjera samband med oss?»»
Josh NorSMB 9:12  Her ser de brødet vårt; det var varmt då me tok det med oss heimantil den dagen me for i veg og vilde finna dykk; men sjå no kor turt og smuldra det er!
Josh NorSMB 9:13  Og her ser de vinhitarne; då me fyllte deim, var dei nye; men no er dei sundsprukne! Og her ser de klædi og skorne våre; dei hev vorte utslitne på denne endelause ferdi.»
Josh NorSMB 9:14  Då tok Israels-mennerne og smaka på nista deira, men spurde ikkje Herren til råds.
Josh NorSMB 9:15  Og Josva gjorde fred og samband med deim, og lova deim livet, og hovdingarne yver lyden gjorde eiden på det same.
Josh NorSMB 9:16  Men tri dagar etter dei hadde gjort samband med Gibeon-folket, fekk dei vita at dei åtte heime i grannelaget og budde tett innmed deim.
Josh NorSMB 9:17  For då Israels-sønerne tok ut att, kom dei tridje dagen til byarne deira; det var Gibeon og Ketira og Be’erot og Kirjat-Jearim.
Josh NorSMB 9:18  Men dei gjorde ikkje folket der noko mein, av di hovdingarne hadde svore dei trygd ved Herren, Israels Gud. Då mukka heile lyden mot hovdingarne.
Josh NorSMB 9:19  Men hovdingarne tala til lyden, og sagde: «Me hev svore dette folket trygd ved Herren, Israels Gud, og no kann me ikkje leggja hand på deim.
Josh NorSMB 9:20  Høyr no kva me vil gjera med deim: Me vil spara livet deira, og ikkje brjota den eiden me svor deim; for då kallar me Guds vreide ned yver oss.
Josh NorSMB 9:21  Dei lyt få liva,» sagde hovdingarne, «men dei skal vera vedhoggarar og vatsberarar for heile lyden.» Og det vart som hovdingarne sagde.
Josh NorSMB 9:22  Og Josva kalla Gibeon-buarne fyre seg, og sagde til deim: «Kvi narra de oss og sagde at de åtte heime langt burte, og so bur de tett innmed oss!
Josh NorSMB 9:23  No skal de vera forbanna! Ingen av dykk skal få sleppa utor trældomen; de skal allstødt hogga ved og bera vatn til huset åt min Gud.»
Josh NorSMB 9:24  Då svara dei Josva so: «Det vart sagt oss for visst at Herren, din Gud, hadde lova Moses, tenaren sin, å gjeva dykk heile landet og rydja ut for dykk alle som budde der; då vart me so rædde for livet vårt; difor gjorde me dette.
Josh NorSMB 9:25  Men no er me i dine hender; far åt med oss som du tykkjer det er godt og rett!»
Josh NorSMB 9:26  Då gjorde han det so med deim; Han berga dei for Israels-sønerne, so dei ikkje vart drepne;
Josh NorSMB 9:27  men samstundes sette han dei til å hogga ved og bera vatn for lyden og til altaret på den staden Herren valde seg ut, og det hev dei gjort alt til denne dag.