ZECHARIAH
Chapter 11
Zech | NorSMB | 11:2 | Jamra deg, du cypressa, for cederen er fallen, dei herlege trei avøydde! Jamra dykk, de Basan-eiker: for tjukkaste skogen er sokken! | |
Zech | NorSMB | 11:3 | Høyr, kor hyrdingarne jamrar; for di deira herlegdom er lagd i øyde! Høyr, kor dei unge løvorne burar; for Jordans prydnad er herja! | |
Zech | NorSMB | 11:5 | For dei som kjøper deim, slagtar deim utan å bøta for det, og dei som sel deim segjer: «Lova vere Herren! Eg vert då rik!» Og hyrdingarne deira sparer deim ikkje. | |
Zech | NorSMB | 11:6 | For no vil eg ikkje meir spara folket i landet, segjer Herren; men eg vil lata menneski falla i henderne på kvarandre og i henderne på kongen sin, og dei skal øyda landet, og eg vil ikkje fria frå deira vald. | |
Zech | NorSMB | 11:7 | So tok eg til å røkta slagtesauerne, ja, dei ringaste av sauerne, og eg tok meg tvo stavar, den eine kalla eg Godvilje, og den andre kalla eg Sameining. Eg gjætte då sauerne, | |
Zech | NorSMB | 11:8 | og eg gjorde dei tri hyrdingarne til inkjes på ein månad. Då leiddest eg ved deim, og dei stygdest og ved meg, | |
Zech | NorSMB | 11:9 | og so sagde eg: «Eg vil ikkje lenger vera hyrdingen dykkar. Lat dei døy som vil døy, og lat det øydast som vil øydast, og dei som vert att, fær eta kvarandre upp!» | |
Zech | NorSMB | 11:10 | So tok eg staven min Godvilje og braut honom sund til å løysa upp pakti som eg hadde gjort med alle folki. | |
Zech | NorSMB | 11:11 | Og ho vart gjord til inkjes same dagen, og då fekk dei sanna dei arme sauerne som ansa på meg, at det var Herrens ord. | |
Zech | NorSMB | 11:12 | Dinæst sagde eg til deim: «Um de so synest, so gjev meg løni mi, og synest de ikkje det er verdt, so lat det vera!» Då vog dei upp tretti sylvdalar til løn åt meg. | |
Zech | NorSMB | 11:13 | Då sagde Herren til meg: Sleng honom burt til pottemakaren, den herlege prisen som dei hev verdsett meg til! Og eg tok dei tretti sylvdalarne og kasta deim inn i Herrens hus, burt til pottemakaren. | |
Zech | NorSMB | 11:14 | So braut eg sund den andre staven min, Sameining, til å løysa upp brorskapen millom Juda og Israel. | |
Zech | NorSMB | 11:16 | For sjå, eg let ein hyrding risa upp i landet, ein som ikkje bryr seg um dei burtkomne, ikkje leitar etter dei villfarne, ikkje heilar dei brotne og ikkje syter for dei friske; men kjøtet av dei feite et han, og klauverne deira riv han av. | |