Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ZEPHANIAH
1 2 3
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 2
Zeph NorSMB 2:1  Samla dykk og sansa dykk, du folk som ikkje blygjest!
Zeph NorSMB 2:2  fyrr rådgjerdi føder - som agner fer dagen fram - fyrr Herrens brennande vreide kjem yver dykk, fyrr Herrens vreide-dag kjem yver dykk.
Zeph NorSMB 2:3  Søk Herren alle de audmjuke i landet, som held lovi hans! Søk rettferd, søk audmykt! Kann henda vert de då livde på Herrens vreide-dag!
Zeph NorSMB 2:4  For Gaza skal verta folketomt, Askalon til ei øydemark, Asdod-folket skal jagast ut midt på ljose dagen og Ekron rykkjast upp med rot.
Zeph NorSMB 2:5  Usæle dei som bur i bygdi utmed havet, kretarfolket. Herrens ord er yver deg, Kana’an, Filistarland. Ja, eg vil leggja deg i øyde, so ingen skal bu i deg.
Zeph NorSMB 2:6  Og bygdi utmed havet skal liggja til hamnegang med gjætarbrunnar og sauegardar.
Zeph NorSMB 2:7  Og leivningen av Judas hus skal få bygdi til sin lut, der skal dei hava beite. I Askalon-husi skal dei liggja um kvelden, når Herren, deira Gud, ser til deim, og vender deira lagnad.
Zeph NorSMB 2:8  Eg hev høyrt svivyrdingi frå Moab og spottordi frå Ammons-borni, som dei hev svivyrdt mitt folk med og briska seg mot landet deira.
Zeph NorSMB 2:9  Difor, so visst som eg lever, segjer Herren, allhers drott, Israels Gud, skal det ganga Moab som Sodoma og Ammons-sønerne som Gomorra: Dei skal verta til netlemark, saltgruva og øydemark til æveleg tid. Resten av folket mitt skal plundra deim, leivningen av lyden min skal få deim til eiga.
Zeph NorSMB 2:10  Dette skal henda deim for deira storlæte, for di dei svivyrde og briska seg mot folket åt Herren, allhers drott.
Zeph NorSMB 2:11  Fæl skal Herren vera mot deim, for han skal øyda ut alle gudarne på jordi. Alle heidninglandi skal kasta seg ned for honom, kvar frå sin stad.
Zeph NorSMB 2:12  De og, ætiopar - gjenomstungne av sverdet mitt er dei.
Zeph NorSMB 2:13  Han retter ut handi mot nord og tyner Assur og gjer Nineve til ei øydemark, til turre heidi.
Zeph NorSMB 2:14  Hjorder skal lægra seg der inne, alle slag villdyr i flokk. Pelikan og bustyvel skal natta på sulehovudi der, fuglelåt høyrast i vindaugo, øyda bu på dørstokken, for cederpanelet hev han rive.
Zeph NorSMB 2:15  Dette er den jublande byen, som sat so trygt og sagde i sitt hjarta: «Eg og ingen annan!» Kor aud han er vorten, eit læger for villdyr! Kvar den som framum fer, blistrar og vinkar med handi.