ZEPHANIAH
Chapter 1
Zeph | NorSMB | 1:1 | Herrens ord som kom til Sefanja, son åt Kusi, son åt Gedalja, son åt Amarja, son åt Hizkia, i dei dagar då Josia Amonsson var konge i Juda. | |
Zeph | NorSMB | 1:3 | Eg vil taka burt menneskje og dyr, taka burt fuglarne under himmelen og fiskarne i havet og støytesteinarne i lag med dei gudlause, og eg vil rydja menneski ut av jordi, segjer Herren. | |
Zeph | NorSMB | 1:4 | Og eg vil retta ut handi mi mot Juda og alle deim som bur i Jerusalem, og eg vil rydja ut frå denne staden den siste leivning av Ba’al, namnet åt avgudsprestarne i lag med prestarne, | |
Zeph | NorSMB | 1:5 | deim som på taki bed til himmelheren, deim som bed til og sver ved Herren og attpå sver ved Milkom, | |
Zeph | NorSMB | 1:6 | og deim som hev vendt seg burt frå Herren, og deim som ikkje hev søkt Herren og ikkje spurt etter honom. | |
Zeph | NorSMB | 1:7 | Ver stille for Herren, Herren! For Herrens dag er nær, Herren hev laga til eit slagtoffer, han hev vigt sine gjester. | |
Zeph | NorSMB | 1:8 | Og på Herrens slagtofferdag vil eg heimsøkja hovdingarne og kongssønerne og alle som klæder seg i utanlands-klæde. | |
Zeph | NorSMB | 1:9 | Og eg vil på den dagen heimsøkja alle deim som hoppar yver dørstokken, dei som fyller sin Herres hus med vald og svik. | |
Zeph | NorSMB | 1:10 | På den dagen, segjer Herren, skal det høyrast skrik frå Fiskeporten, jammer frå Nybyen og stort brak frå høgderne. | |
Zeph | NorSMB | 1:11 | Jamra, de som bur i Mortelen, for heile kræmerfolket er gjort til inkjes, og alle kjøpmenner utrudde. | |
Zeph | NorSMB | 1:12 | Og på den same tidi vil eg ransaka Jerusalem med lykter og heimsøkja dei menneskje som ligg i ro på sin berm og segjer i sitt hjarta: «Herren gjer korkje godt eller vondt.» | |
Zeph | NorSMB | 1:13 | Og eigedomen deira skal verta til herfang og husi deira til tjon. Hus skal dei byggja, men ikkje bu i deim, vinhagar skal dei planta, men ikkje drikka deira vin. | |
Zeph | NorSMB | 1:14 | Nær er Herrens dag, den store. Han er nær og kjem med stor hast. Høyr! Det er Herrens dag! Sårt skrik då kjempa. | |
Zeph | NorSMB | 1:15 | Ein vreide-dag er den dagen, ein dag med naud og trengsla, ein dag med øyding og audner, ein dag med myrker og dimma, ein dag med skyer og skodda, | |
Zeph | NorSMB | 1:17 | Då vil eg setja folk i slik angest, at dei gjeng der som blinde, for di dei hev synda mot Herren. Blodet deira skal verta burtslengt som mold, og kjøtet deira som møk. | |