Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
DEUTERONOMY
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 34
Deut NorSMB 34:1  So gjekk Moses frå Moabmoarne upp på Nebo, som er den høgste tinden på Pisgafjellet, og ligg midt for Jeriko, og Herren synte honom heile landet: Gilead alt til Dan,
Deut NorSMB 34:2  og heile Naftali og Efraims- og Manasselandet, og heile Judalandet radt til Vesterhavet,
Deut NorSMB 34:3  og Sudlandet og Jordan-kverven, dalen kring Jeriko, som dei kallar Palmebyen, alt til Soar;
Deut NorSMB 34:4  Og Herren sagde til honom: «Dette er det landet eg lova Abraham og Isak og Jakob at eg vilde gjeva ætti deira. No hev du set det for augo dine, men sjølv skal ikkje få koma dit.»
Deut NorSMB 34:5  So døydde Moses, Herrens tenar, der i Moablandet, som Herren hadde sagt.
Deut NorSMB 34:6  Han jorda honom i dalen midt for Bet-Peor, i Moablandet, og ingen hev til denne dag visst um gravi hans.
Deut NorSMB 34:7  Moses var hundrad og tjuge år gamall då han døydde; men endå hadde han ikkje dimst på syni eller veikna i åndi.
Deut NorSMB 34:8  Israels-sønerne gret yver honom på Moabmoarne i tretti dagar; då fyrst var det ende på syrgjehøgtidi.
Deut NorSMB 34:9  Moses hadde lagt henderne på Josva, son åt Nun, so han og var full av visdomsånd, og Israels-sønerne lydde honom, og gjorde som Herren hadde sagt med Moses.
Deut NorSMB 34:10  Men aldri sidan steig det fram i Israel ein profet som Moses, som var so vel kjend med Herren at dei talast ved andlit til andlit.
Deut NorSMB 34:11  Kom i hug alle dei teikn og under Herren sette honom til å gjera i Egyptarland med Farao og alle mennarne og heile landet hans,
Deut NorSMB 34:12  og kom i hug alle dei store verk og agelege gjerningar han gjorde for augo åt heile Israel!