DEUTERONOMY
Chapter 30
Deut | NorSMB | 30:1 | Når då alt dette kjem yver deg, velsigningi og våbøni som eg no hev lagt fyre deg, og du tek det til hjarta i dei framande landi som Herren, din Gud, hev drive deg burt til, | |
Deut | NorSMB | 30:2 | og du so vender um til Herren, din Gud, og lyder honom av heile ditt hjarta og heile din hug i alt det eg segjer med deg i dag, både du og borni dine, | |
Deut | NorSMB | 30:3 | då skal Herren, din Gud, ynkast yver deg og venda lagnaden din, og sanka dykk i hop att or alle dei landi som han hadde spreidt dykk utyver. | |
Deut | NorSMB | 30:4 | Um de so var burtstøytte til verdsens ende, so skal Herren, dykkar Gud, samla dykk og henta dykk derifrå. | |
Deut | NorSMB | 30:5 | Han skal føra deg heim att til det landet federne dine hev ått, og du skal få eiga det, og han skal gjera vel mot deg, og auka dykk, so de vert endå mannsterkare enn federne dykkar. | |
Deut | NorSMB | 30:6 | Og han skal gjeva deg og ætti di ein ny og skir hug, so du elskar Herren, din Gud, av heile ditt hjarta og heile di sjæl, og då skal du få liva. | |
Deut | NorSMB | 30:7 | Då skal Herren, din Gud, lata alle desse våbønerne koma yver fiendarne dine og yver deim som hev hata og sete etter deg; | |
Deut | NorSMB | 30:8 | og du skal på nytt lag lyda Herren, din Gud, og halda alle bodi hans, som eg lærer deg i dag. | |
Deut | NorSMB | 30:9 | Og Herren, din Gud, skal velsigna deg i alt du tek deg til; du skal hava lukka både med born og buskap og avling, so du vert sæl; for Herren skal då gleda seg yver deg og gjera vel imot deg, liksom han fyrr gledde seg yver federne dine, | |
Deut | NorSMB | 30:10 | so sant du lyder Herren, din Gud, og held bodi og fyresegnerne hans, alt det som er skrive denne lovboki, og so sant du vender um til Herren, din Gud, av heile ditt hjarta og heile din hug. | |
Deut | NorSMB | 30:11 | For dette bodet, som eg legg fyre deg i dag, det er ikkje for høgt for deg, og ikkje for langt burte; | |
Deut | NorSMB | 30:12 | det er ikkje uppi himmelen, so du lyt segja: «Kven vil fara upp til himmelen og henta det, og lata oss få høyra det, so me kann liva etter det?» | |
Deut | NorSMB | 30:13 | Og det er ikkje på hi sida av havet, so du lyt segja: «Kven vil fara yver havet og henta det åt oss, so me kann få høyra det og liva etter det?» | |
Deut | NorSMB | 30:14 | Bodet er deg næmare enn so: det er i din eigen munn og i ditt eige hjarta, so du vel kann liva etter det. | |
Deut | NorSMB | 30:16 | Gjer du som eg segjer med deg i dag, elskar du Herren, din Gud, og gjeng på hans vegar, og held bodi og fyresegnerne og loverne hans, då skal du liva og veksa, og Herren, din Gud, skal velsigna deg i det landet du kjem til å eiga. | |
Deut | NorSMB | 30:17 | Men vender du hugen din burt, og ikkje vil lyda, og let du deg lokka til å dyrka andre gudar og tena deim, | |
Deut | NorSMB | 30:18 | so segjer eg dykk i dag beint ut at de skal verta utrudde; de skal ikkje få liva lenge i det landet de no fer yver til og skal leggja under dykk. | |
Deut | NorSMB | 30:19 | Himmel og jord tek eg i dag til vitne på at eg hev lagt fram for deg liv og daude, velsigning og våbøn! Vel då livet, so skal du få liva, både du og ætti di! | |