Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
DEUTERONOMY
Prev Up Next
Chapter 33
Deut NorSMB 33:1  Dette er den velsigningi som gudsmannen Moses lyste yver Israels-sønerne fyrr han døydde.
Deut NorSMB 33:2  Han kvad: «Herren frå Sinai kom, steig upp for oss ifrå Se’ir, skein ifrå Parans heid, gjekk fram or dei heilage herar, og strålar frå handi hans strøymde.
Deut NorSMB 33:3  Ja, han elskar ætterne høgt, og vel sine heilage vardar; dei flokkar seg kring hans fot, dei lyder trutt på hans tale.
Deut NorSMB 33:4  Moses lærd’ oss ei lov, ein arv for lyden åt Jakob;
Deut NorSMB 33:5  og Jesjurun kåra ein konung, då hovdingarn’ slo seg i hop, og Israels-ætterne eintest.
Deut NorSMB 33:6  «Lat Ruben liva og aldri døy ut, um mennern’ hans ikkje er mange!»
Deut NorSMB 33:7  Og um Juda kvad han dette: «Høyr, Herre, ropi frå Juda, og før han heim til sitt folk, som han strider veldeleg fyre; ver imot valdsmenn hans hjelp!»
Deut NorSMB 33:8  Og um Levi kvad han: «Ditt «ljos» og «di sanning» gjev lyden åt den som hev vore deg lydug, han som du røynde i Massa, og rengdest med ved Meriba!
Deut NorSMB 33:9  Dei segjer um far sin og mor si: «Eg hev ikkje sett desse folki;» dei bryr seg ikkje um brødern’ og kjendest ikkje ved borni, men agtar på ordi dine, og gøymer di pakt i sitt hjarta.
Deut NorSMB 33:10  Dei lærer Jakob di lov og Israels lyd dine bod, dei legg røykjelse for ditt andlit, og offerfe på ditt altar.
Deut NorSMB 33:11  Velsigna, herre, hans velde, hav hugnad i alt hans verk! Brjot ryggen på deim som renn på han, so dei aldri vinn reisa seg meir!»
Deut NorSMB 33:12  Um Benjamin kvad han: Hjartebarnet åt Herren hev seg so trygg ei heim han kviler imillom hans herdar; stødt held Gud si hand yver han.»
Deut NorSMB 33:13  Og um Josef kvad han: «Med doggi, dyre himmelgåva, velsignar Herren landet hans, med vatn utor det store djupet, som gøymt innunder jordi ligg.
Deut NorSMB 33:14  Med alt det beste soli el, med frukti månarne driv fram.
Deut NorSMB 33:15  Alt godt ifrå dei gamle fjelli, alt hævt frå ævelege haug,
Deut NorSMB 33:16  alt gjævt og gildt som fyller jordi, hans blida som i klungeren bur, det kome yver Josefs hovud, det kryne kvervelen åt han, som konung er bland sine brøder!
Deut NorSMB 33:17  Ovgild er hans frumborne ukse! hans horn er som uruksehorn; med deim stangar han alle folki til verdsens ytste endemark. Det er Efraims store herar, det er Manasses sterke hop.»
Deut NorSMB 33:18  Og um Sebulon kvad han: «Gled deg, Sebulon, i di utferd, og du Issakar, i ditt tjeld!
Deut NorSMB 33:19  Til fjellet bed dei folki koma - rettuge forner ber dei fram; for utor sjøen syg dei rikdom og skattar gøymd’ i havsens sand.
Deut NorSMB 33:20  Og um Gad kvad han: «Lova vere han som gav Gad romt land! Der ligg han og lurer som løva og riv sund herdar og hovud.
Deut NorSMB 33:21  Han såg seg ut fyrste luten, etla åt den som var førar, so for han fram fyre folket, og saman med Israels-sønern’ gjord’ han alt det Herren sa fyre, alt det som var rett i Guds augo.»
Deut NorSMB 33:22  Og um Dan kvad han: «Dan er ein løveunge lik som ifrå Basan byksar fram.»
Deut NorSMB 33:23  Og um Naftali kvad han: «Naftali, metta med nåde og nørd med Herrens velsigning, søk landet ditt sud med sjøen!»
Deut NorSMB 33:24  Og um Asser kvad han: «Sælaste sonen vert Asser, bestebarn bland sine brøder; i olje fær han duppa foten.
Deut NorSMB 33:25  Av kopar og jarn er ditt lås, og di kvild so lang som ditt liv!»
Deut NorSMB 33:26  Det finst ingen som Gud, Jesjurun! Han fer deg til hjelp yver himmelen og ek i si allmagt på skyerne.
Deut NorSMB 33:27  Ei borg er den eld’-gamle Gud; hit ned når hans evige arm. Dine uvener driv han burt, og segjer åt deg: «Øyd ut!»
Deut NorSMB 33:28  So bur då Israel trygt, og Jakobs-ætti åleine, i eit land fullt av druvor og korn, og doggi dryp frå hans himmel!
Deut NorSMB 33:29  Å, Israel, kor du er sæl! Kven er vel som du? - eit folk som hev Herren til frelsar, din verjande skjold og ditt velduge sverd! Sjå, fiendarne smeikjer for deg, med du yver høgderne deira skrid fram!»