DEUTERONOMY
Chapter 23
Deut | NorSMB | 23:2 | Den som er av urein ætt, må ikkje vera med i Herrens lyd; jamvel etterkomarane hans, radt til tiande leden, skal vera utestengde frå Herrens lyd. | |
Deut | NorSMB | 23:3 | Ein ammonit eller moabit må ikkje vera med i Herrens lyd; jamvel etterkomarane deira radt til tiande leden skal allstødt vera utestengde frå Herrens lyd, | |
Deut | NorSMB | 23:4 | for di dei ikkje møtte dykk ikkje på vegen med brød og vatn då de kom frå Egyptarland, og for di dei leigde Bileam, son åt Beor frå Petor i Mesopotamia til å lysa våbøn yver deg, | |
Deut | NorSMB | 23:5 | men Herren, din Gud, vilde ikkje høyra på Bileam; han vende våbøni um til velsigning for deg, av di han hadde deg kjær. | |
Deut | NorSMB | 23:7 | Edomitarne skal du ikkje hava stygg til; for dei er skyldfolket ditt. Egyptarane skal du heller ikkje hava stygg til; for du hev havt tilhald i landet deira. | |
Deut | NorSMB | 23:9 | Når du tek ut i strid med fienden, og slær læger, so skal du agta deg for alt som er usømelegt. | |
Deut | NorSMB | 23:10 | Er ein av dykk urein etter noko som hev hendt honom um natti, so skal han ganga ut or lægret og må ikkje koma inn att | |
Deut | NorSMB | 23:11 | fyrr det lid mot kvelden; då skal han lauga seg, og når soli hev gladt, kann han koma inn i lægret. | |
Deut | NorSMB | 23:12 | Utanfor lægret skal du hava ein stad som ligg for seg sjølv; dit skal du ganga dine ærender. | |
Deut | NorSMB | 23:13 | Og millom tølorne dine skal du hava ei hakka; med den skal du grava attyver det som kjem ifrå deg når du sit der ute. | |
Deut | NorSMB | 23:14 | For Herren, din Gud, er med deg i lægret; han vil hjelpa deg, og gjeva fienden i di magt; difor skal lægret ditt vera helga; han må ikkje sjå noko ufyse der; for då vender han ryggen til, og gjeng ifrå deg. | |
Deut | NorSMB | 23:15 | Ein træl som hev rømt frå herren sin, og tydt seg til deg, skal du ikkje senda attende til herren hans. | |
Deut | NorSMB | 23:16 | Lat honom få bu kvar han vil i landet ditt, i ein av byarne dine, der han likar seg best, og ver ikkje hard imot honom! | |
Deut | NorSMB | 23:18 | Kom ikkje med skjøkjeløn eller tevepengar inn i huset åt Herren, din Gud, um du so skulle ha lova sovore! For alle slike pengar er ein styggedom for Herren, din Gud. | |
Deut | NorSMB | 23:19 | Du skal ikkje taka renta av ein landsmann, korkje for pengar eller matvaror eller noko anna som dei tek renta for. | |
Deut | NorSMB | 23:20 | Ein utlending kann du taka renta av, men av ein landsmann må du ikkje taka renta; då skal Herren, din Gud, velsigna deg i alt du tek deg fyre i det landet du kjem til å eiga. | |
Deut | NorSMB | 23:21 | Når du hev gjort ein lovnad til Herren, din Gud, so må du ikkje drygja med å halda det du hev lova; elles kjem Herren til å krevja deg etter det, og du fær synd på deg. | |
Deut | NorSMB | 23:23 | men ordet du hev gjeve, det skal du koma i hug, og halda det, soleis som du av fri vilje og med din eigen munn hev lova Herren, din Gud. | |
Deut | NorSMB | 23:24 | Kjem du inn i annan manns vinhage, so kann du eta druvor, so mykje du vil, til du er nøgd; men du må ikkje henta i kopp. | |