Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
DEUTERONOMY
Prev Up Next
Chapter 29
Deut NorSMB 29:1  Dette er ordi i den pakti som Herren let Moses gjera med Israels-sønerne i Moablandet, umfram den pakti han hadde gjort med deim ved Horeb.
Deut NorSMB 29:2  Moses kalla i hop heile Israel, og sagde til deim: «De såg det for augo dykkar alt det som Herren gjorde i Egyptarland med Farao og alle mennerne og heile landet hans,
Deut NorSMB 29:3  med eigne augo såg de dei svære plågorne, dei store teikni og underi.
Deut NorSMB 29:4  Men endå hev Herren ikkje fenge gjeva dykk vit til å skyna eller augo til å sjå eller øyro til å høyra med.
Deut NorSMB 29:5  «Eg førde dykk fyrti år i øydemarki,» segjer Herren; «klædi dykkar vart ikkje utslitne, og skoen sleitst ikkje undan foten din.
Deut NorSMB 29:6  Ikkje hadde de brød å eta, og ikkje vin eller anna sterkt å drikka; for eg vilde de skulde sjå at eg, Herren, er dykkar Gud.»
Deut NorSMB 29:7  So kom de hit til dette landet, og Sihon, kongen i Hesbon, og Og, kongen i Basan, kom imot dykk og baud ufred, men me slo deim,
Deut NorSMB 29:8  og tok landet deira, og let rubenitarne og gaditarne og den halve Manasse-ætti få det til odel og eiga.
Deut NorSMB 29:9  So kom då i hug å halda dykk etter kvart ord i denne pakti, so de fer visleg åt i alt det de gjer!
Deut NorSMB 29:10  Her stend de i dag alle framfor Herrens åsyn, hovdingarne dykkar, ætterne, styresmennerne og formennerne, kvar mann i Israel,
Deut NorSMB 29:11  borni og konorne dykkar, og dei framande i lægret, både vedhoggaren og vatsberaren,
Deut NorSMB 29:12  og skal ganga inn i sambandet med Herren, dykkar Gud, og den pakti han gjer med dykk i dag;
Deut NorSMB 29:13  for i dag vil han gjera deg til sitt folk, og sjølv vil han vera din Gud, soleis som han hev sagt deg, og soleis som han hev lova federne dine, Abraham og Isak og Jakob.
Deut NorSMB 29:14  Og ikkje berre med dykk gjer han dette sambandet og denne pakti,
Deut NorSMB 29:15  men både med deim som i dag stend her med oss for Herrens åsyn, og med deim som ikkje er her hjå oss i dag.
Deut NorSMB 29:16  For de minnest vel at me budde i Egyptarlandet, og at me for fram millom alle dei folki de veit.
Deut NorSMB 29:17  Og de såg dei ufysne styggetingi av stokk og stein, av sylv og gull, som dei hadde til gudar.
Deut NorSMB 29:18  Lat det då ikkje finnast hjå dykk mann eller kvinna, ætt eller ættgrein som i dag vender hjarta sitt burt frå Herren, vår Gud, og gjeng av og tener gudarne åt desse folki! Lat det ’kje finnast nokon som er rot til trollber og malurt,
Deut NorSMB 29:19  og som tenkjer med seg, når han høyrer ordi i denne pakti: «Eg er like sæl; det gjeng meg like godt, um eg trassar og fer etter min eigen hug!» For slike kjem til å føra ulukka yver bygd og by.
Deut NorSMB 29:20  Herren skal aldri gjeva deim til. Herrens vreide og harm skal loga imot deim som ein eld, og alle dei våbøner som er skrivne i denne boki, skal kvila på deim. Herren skal rydja namnet deira ut or verdi.
Deut NorSMB 29:21  Herren skal skilja deim ut frå alle Israels ætter, og det skal ganga deim so ille som spått er i alle våbønerne i den pakti som er skrivi i denne lovboki.
Deut NorSMB 29:22  Og når dei komande ætter, borni som veks upp etter dykk, og den framande som kjem frå eit land langt burte, ser dei ulukkor som hev råma dette landet, og dei sjukdomar som Herren hev heimsøkt det med,
Deut NorSMB 29:23  ser heile marki strådd med svåvel og salt, og uppbrend so ho ikkje kann såast og ingen ting gjeva av seg, og det ikkje kann veksa gras på henne - som den gongen Sodoma og Gomorra og Adma og Sebojim vart lagde i øyde, dei byarne som Herren gjorde ende på i sin vreide og harm -
Deut NorSMB 29:24  då kjem dei til å spyrja, alle kjem til å spyrja: «Kvi hev Herren fare soleis åt med dette landet? Kva var det som valda denne svære vreideselden?»
Deut NorSMB 29:25  Og dei fær til svar: «Det var av di dei braut pakti som Herren, fedreguden deira, gjorde med deim då han henta deim ut or Egyptarlandet,
Deut NorSMB 29:26  og av di dei gjekk av og tente andre gudar, og bad til deim, gudar som dei ikkje kjende, og som han ikkje hadde gjeve deim lov til å dyrka.
Deut NorSMB 29:27  Difor loga Herrens vreide upp imot dette landet, so han let alle dei våbøner koma yver det som er skrivne i denne boki.
Deut NorSMB 29:28  Han rykte deim upp or landet deira i harm og vreide og græe, og slengde deim burt til eit anna land, og der hev dei lote vera til denne dag.»
Deut NorSMB 29:29  Det dulde høyrer Herren, vår Gud, til, men det som er openberra, gjeld for oss og borni våre i all æva; di skal me halda alle bodi i denne lovi.