ECCLESIASTES
Chapter 6
Eccl | NorSMB | 6:2 | Når Gud gjev ein mann rikdom og skattar og æra, so han for sin part ikkje vantar noko av det han ynskjer, men Gud ikkje let honom vera kar til å njota godt av det, men ein framand mann fær njota det, so er det fåfengd og ei vond liding. | |
Eccl | NorSMB | 6:3 | Um ein mann fær hundrad born og liver mange år, so talet vert stort på dagarne i hans liveår, men sjæli hans ikkje vert mett av det gode, og han so ikkje fær nokor jordferd, då segjer eg: Eit ufullbore foster er betre fare enn han. | |
Eccl | NorSMB | 6:4 | For til fåfengs kom det, og i myrker gjeng det burt, og i myrker fær det namnet sitt løynt, | |
Eccl | NorSMB | 6:6 | Og um han so livde tusund år tvo gonger, men ikkje fekk njota noko godt - fer ikkje alt til ein stad? | |
Eccl | NorSMB | 6:8 | For kva fyremun hev vismannen framfor dåren? Kva fyremun hev fatigmannen som veit å vandra for augo på dei livande? | |
Eccl | NorSMB | 6:10 | Det som hender, er alt fyrr nemnt med namn, og det er kjent kva ein mann skal verta, og ikkje kann han saksøkja den som er sterkare enn han. | |