Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I CHRONICLES
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 10
I Ch NorSMB 10:1  Og filistarane stridde mot Israel, og Israels-mennerne flydde for filistarane, og det vart liggjande mange falne på Gilboafjellet.
I Ch NorSMB 10:2  Og filistarane sette etter Saul og sønerne hans, og då felte dei Jonatan og Abinadab og Malkisua, sønerne hans Saul.
I Ch NorSMB 10:3  Då dei no søkte hardt innåt Saul sjølv, og bogeskyttarane kom yver han, og han fekk ein støkk i seg for skyttarane.
I Ch NorSMB 10:4  Og Saul sagde til våpnsveinen sin: «Drag ut sverdet ditt og stikk det igjenom meg, so ikkje desse u-umskorne skal koma og fara ille med meg!» Men våpnsveinen hans vilde ikkje; for han var ovleg rædd. Då tok Saul sjølv sverdet og stupte seg på det.
I Ch NorSMB 10:5  Men då våpnsveinen såg at Saul var dåen, stupte han seg og på sitt sverd og døydde.
I Ch NorSMB 10:6  So døydde då Saul og dei tri sønerne hans; og dei som høyrde til hans hus, døydde alle i ein gong.
I Ch NorSMB 10:7  Då so alle dei Israels-mennerne som var i dalen, såg at dei hadde flytt, og at Saul og sønerne hans var falne, so for dei frå byarne sine og rømde undan, og so kom filistarane og slo seg ned i deim.
I Ch NorSMB 10:8  Andre dagen kom filistarane og skulde plundra liki, og dei fann då Saul og sønerne hans liggjande på Gilboafjellet.
I Ch NorSMB 10:9  Og dei plundra honom, og tok med seg hovudet og våpni hans og sende deim ikring i Filistarlandet, og kunngjorde gledebodet for avgudarne sine og for folket.
I Ch NorSMB 10:10  Og dei lagde våpni hans i gudshuset sitt; men hausen hans feste dei i Dagons-templet.
I Ch NorSMB 10:11  Då heile Jabes i Gilead høyrde alt det som filistarane hadde gjort med Saul,
I Ch NorSMB 10:12  drog dei av, alle våpnføre menner, og tok liket åt Saul og liket åt sønerne hans og førde deim til Jabes, og jorda beini deira under eiki i Jabes og heldt fasta i sju dagar.
I Ch NorSMB 10:13  So let Saul livet for sin utruskap mot Herren, med di han ikkje hadde fylgt Herrens ord, og like eins for di han hadde spurt ei som mana fram draugar og søkt råd hjå henne.
I Ch NorSMB 10:14  Han hadde ikkje søkt råd hjå Herren; difor let Herren honom døy, og sidan let han David Isaison få kongedømet.