Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I CHRONICLES
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 18
I Ch NorSMB 18:1  Ei tid etter dette vann David yverpå filistarane og lagde deim under seg, og han tok då Gat og dei bygderne som låg ikring or henderne på filistarane.
I Ch NorSMB 18:2  Han vann og yver moabitar, og so vart dei tenarar åt David og lagde skatt til honom.
I Ch NorSMB 18:3  Like eins vann David på Hadarezer, kongen i Soba, ved Hamat, då han hadde fare av stad og skulde tryggja magti si ved elvi Frat.
I Ch NorSMB 18:4  Og David tok ifrå honom eit tusund vognhestar og sju tusund hestfolk og tjuge tusund mann fotfolk. Og David let skjera av hasarne på alle vognhestarne og sparde berre eit hundrad hestar.
I Ch NorSMB 18:5  Og då syrarane frå Damaskus kom og skulde hjelpa Hadarezer, kongen i Soba, slo David tvo og tjuge tusund mann av syrarane.
I Ch NorSMB 18:6  Og David sette inn hervakter millom syrarane i Damaskus, og syrarane vart tenarar åt David og lagde skatt til honom. Soleis gav Herren David siger kvar helst han drog fram.
I Ch NorSMB 18:7  Og David tok dei gullskjoldarne som tenarane hans Hadarezer hadde bore, og førde deim til Jerusalem.
I Ch NorSMB 18:8  Og frå Tibhat og Kun, byarne hans Hadarezer, tok David kopar i stor mengd; av det gjorde Salomo koparhavet, sulorne og koparkjeraldi.
I Ch NorSMB 18:9  Då so To’u, kongen i Hamat, høyrde at David hadde slege heile heren hans Hadarezer, kongen i Soba,
I Ch NorSMB 18:10  sende han son sin, Hadoram, til kong David, at han skulde helsa på honom og ynskja honom til lukke med krigen mot Hadarezer og med sigeren yver kongen; for Hadarezer hadde jamt havt ufred med To’u. Han sende og alle slag kjerald av gull, sylv og kopar.
I Ch NorSMB 18:11  Deim og vigde kong David til Herren, sameleis som det med det sylvet og gullet han hadde ført heim frå alle andre folk: frå edomitarne, moabiterne, Ammons-sønerne, filistarane og amalekitarne.
I Ch NorSMB 18:12  Og Absai Serujason som slo edomitarne i Saltdalen, attan tusund mann.
I Ch NorSMB 18:13  So sette han vakt i Edom, og alle edomitarne vart tenarar åt David. Soleis gav Herren David siger kvar helst han for fram.
I Ch NorSMB 18:14  David var no konge yver heile Israel, og han skipa lov og rett åt heile sitt folk.
I Ch NorSMB 18:15  Joab Serujason var øvste herhovding, og Josafat Ahiludsson var kanslar.
I Ch NorSMB 18:16  Sadok Ahitubsson og Abimelek Abjatarsson var prestar og Savsa riksskrivar,
I Ch NorSMB 18:17  Benaja Jojadason var hovding yver livvakti, men Davids søner var dei fyrste ved sida åt kongen.