Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I CHRONICLES
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 25
I Ch NorSMB 25:1  Og David og herhovdingarne skilde ut til gudstenesta sønerne åt Asaf og Heman og Jedutun, som med profetisk eldhug spela på cithrar og harpor og cymblar, og dette er lista på dei mennerne som skulde hadde hava dette gjeremålet:
I Ch NorSMB 25:2  Av Asafs-sønerne Zakkur og Josef og Netanja og Asarela, Asafs-sønerne med rettleiding av Asaf, som spela med profetisk eldhug etter tilskiping av kongen;
I Ch NorSMB 25:3  Av Jedutun: Jedutuns-sønerne Gedalja, Seri og Jesaja, Hasabja og Mattitja, seks mann, med rettleiding av Jedutun, far deira, som med profetisk eldhug spela takkesongar og lovsongar åt Herren.
I Ch NorSMB 25:4  Av Heman: Hemans-sønerne Bukkia, Mattanja, Uzziel, Sebuel og Jerimot, Hananja, Hanani, Eliata, Giddalti, Romamti-Ezer, Josbekasa, Malloti, Hotir, Mahaziot.
I Ch NorSMB 25:5  Alle desse var søner åt Heman, som var kongens sjåar, etter den lovnaden gud hadde gjeve, at han vilde hevja upp hornet hans; difor gav Gud Heman fjortan søner og tri døtter.
I Ch NorSMB 25:6  Alle desse, kvar med sin far til rettleidar, greidde med songen i Herrens hus, med cymblar, harpor og cithrar, og gjorde soleis tenesta i Guds hus; kongen, Asaf, Jedutun og Heman rettleide dem.
I Ch NorSMB 25:7  Og talet på deim og frendarne deira, som var upplærde i songen for Herren, alle dei kunnige, det tvo hundrad og åtte og åtteti.
I Ch NorSMB 25:8  Og dei drog strå um kva dei skulde gjera, alle saman, den minste som den største, læraren som læresveinen.
I Ch NorSMB 25:9  Og den fyrste luten fall på Asaf, det vil segja på Josef; den andre vart Gedalja, han sjølv med brørne og sønerne sine, tolv i talet;
I Ch NorSMB 25:10  den tridje vart Zakkur, han og sønerne og brørne hans, tolv i talet;
I Ch NorSMB 25:11  den fjorde luten fall på Jisri med sønerne og brørne hans, tolv i talet;
I Ch NorSMB 25:12  den femte vart Netanja med sønerne og brørne hans, tolv i talet;
I Ch NorSMB 25:13  den sette vart Bukkia og sønerne og brørne hans, tolv i talet;
I Ch NorSMB 25:14  den sjuande vart Jesarela og sønerne og brørne hans, tolv i talet;
I Ch NorSMB 25:15  den åttande vart Jesaja og sønerne og brørne hans, tolv i talet;
I Ch NorSMB 25:16  den niande vart Mattanja og sønerne og brørne hans, tolv i talet;
I Ch NorSMB 25:17  den tiande vart Sime’i og sønerne og brørne hans, tolv i talet;
I Ch NorSMB 25:18  den ellevte vart Azarel og sønerne og brørne hans, tolv i talet;
I Ch NorSMB 25:19  den tolvte luten fall på Hasabja med sønerne og brørne hans, tolv i talet;
I Ch NorSMB 25:20  den trettande vart Subael og sønerne og brørne hans, tolv i talet;
I Ch NorSMB 25:21  den fjortande vart Mattitja og sønerne og brørne hans, tolv i talet;
I Ch NorSMB 25:22  den femtande luten fall på Jeremot med sønerne og brørne hans, tolv i talet;
I Ch NorSMB 25:23  den sekstande vart Hananja og sønerne og brørne hans, tolv i talet;
I Ch NorSMB 25:24  den syttande vart Josbekasa og sønerne og brørne hans, tolv i talet;
I Ch NorSMB 25:25  den attande vart Hanani og sønerne og brørne hans, tolv i talet;
I Ch NorSMB 25:26  den nittande vart Malloti og sønerne og brørne hans, tolv i talet;
I Ch NorSMB 25:27  den tjugande vart Eliata og sønerne og brørne hans, tolv i talet;
I Ch NorSMB 25:28  den ein og tjugande vart Hotir og sønerne og brørne hans, tolv i talet;
I Ch NorSMB 25:29  den tvo og tjugande vart Giddalti og sønerne og brørne hans, tolv i talet;
I Ch NorSMB 25:30  den tri og tjugande vart Mahaziot og sønerne og brørne hans, tolv i talet,
I Ch NorSMB 25:31  den fire og tjugande vart Romamti-Ezer og sønerne og brørne hans, tolv i talet.