Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I CHRONICLES
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 24
I Ch NorSMB 24:1  Og Arons-sønerne var skipa i desse skifti: Sønerne åt Aron var Nadab og Abihu, Eleazar og Itamar.
I Ch NorSMB 24:2  Men Nadab og Abihu døydde fyre faren, og dei hadde ingi søner, og berre Eleazar og Itamar vart prestar.
I Ch NorSMB 24:3  Og David i lag med Sadok av sønerne åt Eleazar og Ahimelek av sønerne åt Itamar, skifte deim etter deira embætte i tenesta deira.
I Ch NorSMB 24:4  Dei kom då etter med at det var fleire hovdingar av Eleazars-sønerne enn Itamars-sønerne, og difor skipa dei det so at Eleazars-sønerne fekk sekstan hovdingar for sine ættgreiner, og Itamars-sønerne åtte for sine ættgreiner.
I Ch NorSMB 24:5  Og dei skifte deim med strådraging, båe hovudgreinerne; for heilagdoms-fyrstarne og gudsfyrstarne tok dei både av Eleazars-sønerne og Itamars-sønerne.
I Ch NorSMB 24:6  Og Semaja Netanelsson, skrivaren av Levi-ætti, skreiv deim upp medan kongen og hovdingarne og presten Sadok og Ahimelek Abjatarsson og ættarhovdingarne for prestarne og levitarne såg på; dei tok ut ei ættgrein for Eleazar og so til skiftes for Itamar.
I Ch NorSMB 24:7  Fyrste luten fall på Jojarib, den andre på Jedaja,
I Ch NorSMB 24:13  den trettande på Huppa, den fjortande på Jesebab,
I Ch NorSMB 24:14  den femtande på Bilga, den sekstande på Immer,
I Ch NorSMB 24:15  den syttande på Hezir, den attande på Happisses,
I Ch NorSMB 24:16  den nittande på Petahja, den tjugande på Ezekiel,
I Ch NorSMB 24:17  den ein og tjugande på Jakin, den tvo og tjugande på Gamul,
I Ch NorSMB 24:18  den tri og tjugande på Delaja og den fire og tjugande på Ma’azja.
I Ch NorSMB 24:19  Dette vart den skipnaden som dei skulde gjera tenesta si etter, når dei gjekk inn i Herrens hus, so som det var fyresagt deim gjenom Aron, far deira, etter det som Herren, Israels Gud, hadde sagt honom fyre.
I Ch NorSMB 24:20  Av dei andre Levi-sønerne høyrde Subael til Amrams-sønerne, og Jehdeja var av Subaels-sønerne.
I Ch NorSMB 24:22  av jisharitarne var det Selomot, og Jahat av Selomots-sønerne.
I Ch NorSMB 24:23  Og benajitar var Jeria, Amarja, den andre, Jahaziel, den tridje, og Jekamam, den fjorde.
I Ch NorSMB 24:24  Son hans Uzziel var Mika; av sønerne hans Mika var Samur.
I Ch NorSMB 24:25  Jissia var bror åt Mika; av Jissia-sønerne var Zakarja.
I Ch NorSMB 24:26  Merari-sønerne var Mahli og Musi, søner åt Ja’azia hans son.
I Ch NorSMB 24:27  Søner hans Merari gjenom Ja’azia, son hans, var både Soham, Zakkur og Ibri.
I Ch NorSMB 24:28  Son åt Mahli var Eleazar; men han hadde ingi søner.
I Ch NorSMB 24:30  og sønerne åt Musi var Mahli og Eder og Jerimot. Dette var levitsøner etter ættgreinerne deira.
I Ch NorSMB 24:31  Dei og dro strå liksom frendarne deira, Arons-sønerne, medan kong David og Sadok og Ahimelek og ættarhovdingarne for prestarne og levitarne var til stades, hovdingen for ætti likso vel som dei yngste frendarne deira.