I CHRONICLES
Chapter 16
I Ch | NorSMB | 16:1 | Då dei hadde ført Guds kista inn, sette dei henne i tjeldet som David hadde sett upp åt henne; deretter bar dei fram brennoffer og takkoffer for Guds åsyn. | |
I Ch | NorSMB | 16:2 | Og då David hadde ofra brennofferet og takkofferet, velsigna han folket i Herrens namn. | |
I Ch | NorSMB | 16:3 | Og til kvar og ein av alle israelitarne, både kar og kvinna, skifte han ut ein brødleiv, eit stykke kjøt og ei rosinkaka. | |
I Ch | NorSMB | 16:4 | Og han sette sume levitar til å gjera tenesta framfor Herrens kista, at dei skulde prisa, takka og lova Herren, Israels Gud. | |
I Ch | NorSMB | 16:5 | Asaf var den fremste, og Zakarja næst etter honom, og so Je’iel, Semiramot, Jehiel og Mattitja, Eliab, Benaja, Obed-Edom og Je’iel med harpor og cithrar, og Asaf skulde slå på cymblar. | |
I Ch | NorSMB | 16:6 | Men prestarne Benaja og Jahaziel skulde standa stendigt med trompetarne sine framfor Guds sambandskista. | |
I Ch | NorSMB | 16:7 | Den dagen var det at David fyrst fastsette den skipnaden at dei ved Asaf og brørne hans skulde prisa Herren på denne visi: | |
I Ch | NorSMB | 16:12 | Kom i hug hans under som han hev gjort, hans undergjerningar og domsordi frå hans munn, | |
I Ch | NorSMB | 16:21 | Han let ikkje nokon få gjera valdsverk mot deim, og han refste kongar for deira skuld: | |
I Ch | NorSMB | 16:29 | Gjev Herren hans namns æra, tak gåvor med og kom for hans åsyn, tilbed Herren i heilagt skrud! | |
I Ch | NorSMB | 16:31 | Himmelen glede seg, og jordi fagne seg, og dei skal segja millom heidningarne: «Herren er konge.» | |
I Ch | NorSMB | 16:35 | Og seg: «Frels oss, du vår Frelse-Gud, og samla oss og fria oss ut frå heidningarne, so me kann prisa ditt heilage namn, rosa oss av ditt lov!» | |
I Ch | NorSMB | 16:36 | Lova vere Herren, Israels Gud, frå æva og til æva!» Og alt folket sagde amen og lova Herren. | |
I Ch | NorSMB | 16:37 | Og der, framfor Herrens sambandskista, gav han Asaf og brørne hans det yrket, at dei stendigt skulde gjera tenesta framfor kista, soleis som det var fastsett for kvar dag. | |
I Ch | NorSMB | 16:38 | Men Obed-Edom og brørne deira var åtte og seksti i tal, og Obed-Edom Jeditunsson og Hosa sette han til dørvaktarar. | |
I Ch | NorSMB | 16:39 | Og pesten Sadok og brørne hans, prestarne, sette han framfor Herrens hus på offerhaugen i Gibeon, | |
I Ch | NorSMB | 16:40 | at dei stendigt skulde ofra åt Herren brennoffer på brennofferaltaret, morgon og kveld, og gjera alt det som var fyresagt i Herrens lov, som han hadde sett for Israel. | |
I Ch | NorSMB | 16:41 | Og i lag med deim var Heman og Jedutun og dei andre utvalde som var nemnde, at dei skulde lova Herren, av di hans miskunn varer æveleg. | |
I Ch | NorSMB | 16:42 | Og trompetarne og cymblarne åt spelemennerne vart gøymde hjå Heman og Jedutun, og like eins andre spelgogner som høyrde gudstenesta til. Og Jedutuns-sønerne gjorde han til dørvaktarar. | |