Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I CHRONICLES
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 16
I Ch NorSMB 16:1  Då dei hadde ført Guds kista inn, sette dei henne i tjeldet som David hadde sett upp åt henne; deretter bar dei fram brennoffer og takkoffer for Guds åsyn.
I Ch NorSMB 16:2  Og då David hadde ofra brennofferet og takkofferet, velsigna han folket i Herrens namn.
I Ch NorSMB 16:3  Og til kvar og ein av alle israelitarne, både kar og kvinna, skifte han ut ein brødleiv, eit stykke kjøt og ei rosinkaka.
I Ch NorSMB 16:4  Og han sette sume levitar til å gjera tenesta framfor Herrens kista, at dei skulde prisa, takka og lova Herren, Israels Gud.
I Ch NorSMB 16:5  Asaf var den fremste, og Zakarja næst etter honom, og so Je’iel, Semiramot, Jehiel og Mattitja, Eliab, Benaja, Obed-Edom og Je’iel med harpor og cithrar, og Asaf skulde slå på cymblar.
I Ch NorSMB 16:6  Men prestarne Benaja og Jahaziel skulde standa stendigt med trompetarne sine framfor Guds sambandskista.
I Ch NorSMB 16:7  Den dagen var det at David fyrst fastsette den skipnaden at dei ved Asaf og brørne hans skulde prisa Herren på denne visi:
I Ch NorSMB 16:8  «Prisa Herren, kalla på hans namn! Forkynn millom folkeslagi hans storverk!
I Ch NorSMB 16:9  Syng for honom, syng honom lov! Tala um alle hans under!
I Ch NorSMB 16:10  Rosa dykk av hans heilage namn, hjarta glede seg hjå deim som søkjer Herren!
I Ch NorSMB 16:11  Spør etter Herren og hans magt, søk hans åsyn alltid!
I Ch NorSMB 16:12  Kom i hug hans under som han hev gjort, hans undergjerningar og domsordi frå hans munn,
I Ch NorSMB 16:13  de etterkomarar av Israel, hans tenar, søner åt Jakob, hans utvalde.
I Ch NorSMB 16:14  Han er Herren, vår Gud; yver all jordi gjeng hans domar.
I Ch NorSMB 16:15  Kom æveleg i hug hans pakt, det ord han sette fast for tusund ætter,
I Ch NorSMB 16:16  den pakt han gjorde med Abraham, og hans eid til Isak!
I Ch NorSMB 16:17  Han gjorde det til ein rett for Jakob, for Israel til ein æveleg pakt,
I Ch NorSMB 16:18  med di han sagde: «Deg vil eg gjeva Kana’ans land til arvlut,»
I Ch NorSMB 16:19  då de var ein liten flokk, få og framande der.
I Ch NorSMB 16:20  Og dei vandra frå folk til folk, frå eitt rike til eit anna folk.
I Ch NorSMB 16:21  Han let ikkje nokon få gjera valdsverk mot deim, og han refste kongar for deira skuld:
I Ch NorSMB 16:22  «Rør ikkje deim eg hev salva, og gjer ikkje vondt med mine profetar!»
I Ch NorSMB 16:23  Syng for Herren, all jordi! Forkynn frå dag til dag hans frelsa!
I Ch NorSMB 16:24  Fortel millom heidningar hans æra, millom alle folkeslag hans under!
I Ch NorSMB 16:25  For Herren er stor og mykje lovsungen, og skræmeleg er han framfor alle gudar.
I Ch NorSMB 16:26  For alle gudar hjå folki er avgudar; men Herren hev gjort himmelen.
I Ch NorSMB 16:27  Høgd og herlegdom er for hans åsyn, styrke og gleda er på hans stad.
I Ch NorSMB 16:28  Gjev Herren, de folkeætter, gjev Herren æra og magt!
I Ch NorSMB 16:29  Gjev Herren hans namns æra, tak gåvor med og kom for hans åsyn, tilbed Herren i heilagt skrud!
I Ch NorSMB 16:30  Skjelv for hans åsyn, all jordi! Jordriket stend fast; det let seg ikkje rikka.
I Ch NorSMB 16:31  Himmelen glede seg, og jordi fagne seg, og dei skal segja millom heidningarne: «Herren er konge.»
I Ch NorSMB 16:32  Havet dure og alt som i det er! Marki frygde seg og alt det som på marki er!
I Ch NorSMB 16:33  Då fegnast trei i skogen for Herrens åsyn; for han kjem og skal døma jordi.
I Ch NorSMB 16:34  Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn!
I Ch NorSMB 16:35  Og seg: «Frels oss, du vår Frelse-Gud, og samla oss og fria oss ut frå heidningarne, so me kann prisa ditt heilage namn, rosa oss av ditt lov!»
I Ch NorSMB 16:36  Lova vere Herren, Israels Gud, frå æva og til æva!» Og alt folket sagde amen og lova Herren.
I Ch NorSMB 16:37  Og der, framfor Herrens sambandskista, gav han Asaf og brørne hans det yrket, at dei stendigt skulde gjera tenesta framfor kista, soleis som det var fastsett for kvar dag.
I Ch NorSMB 16:38  Men Obed-Edom og brørne deira var åtte og seksti i tal, og Obed-Edom Jeditunsson og Hosa sette han til dørvaktarar.
I Ch NorSMB 16:39  Og pesten Sadok og brørne hans, prestarne, sette han framfor Herrens hus på offerhaugen i Gibeon,
I Ch NorSMB 16:40  at dei stendigt skulde ofra åt Herren brennoffer på brennofferaltaret, morgon og kveld, og gjera alt det som var fyresagt i Herrens lov, som han hadde sett for Israel.
I Ch NorSMB 16:41  Og i lag med deim var Heman og Jedutun og dei andre utvalde som var nemnde, at dei skulde lova Herren, av di hans miskunn varer æveleg.
I Ch NorSMB 16:42  Og trompetarne og cymblarne åt spelemennerne vart gøymde hjå Heman og Jedutun, og like eins andre spelgogner som høyrde gudstenesta til. Og Jedutuns-sønerne gjorde han til dørvaktarar.
I Ch NorSMB 16:43  Deretter gjekk heile lyden heim, kvar til sitt; men David snudde heim att, vilde helsa på husfolket sitt.