Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I KINGS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 19
I Ki NorSMB 19:1  Ahab fortalde Jezabel alt det som Elia hadde gjort, og korleis han hadde drepe alle profetarne med sverd.
I Ki NorSMB 19:2  Då sende Jezabel eit bod til Elia med dei ordi: «Gudarne late meg bøta både no og sidan, um eg ikkje i morgon ved denne tid skal lata ditt liv få same lagnad som kvar av hine.»
I Ki NorSMB 19:3  Og då han fekk den greida, tok han ut og rømde for livet, og han kom til Be’erseba, som høyrer til Juda; der let han drengen sin vera att.
I Ki NorSMB 19:4  Men sjølv gjekk han ei dagsleid ut i øydemarki. Der sette han seg under ein einerunne, og han ynskte at han måtte få døy, og sagde: «No er det nok; Herre, tak no livet mitt, for eg er ikkje betre enn federne mine.»
I Ki NorSMB 19:5  So lagde han seg til å sovna under ein einerunne. Men då tok ein engel i honom og sagde: «Statt upp og et!»
I Ki NorSMB 19:6  Og då han skulde sjå til, so låg det ved hovudgjerdi hans ei kaka steikt på gloande steinar, og det stod ei krukke med vatn; og han åt og drakk og lagde seg att.
I Ki NorSMB 19:7  Då kom Herrens engel att andre gongen og tok i honom og sagde: «Statt upp og et! For elles vert vegen for lang for deg.»
I Ki NorSMB 19:8  Og han stod upp og åt og drakk, og styrkt av denne maten gjekk han i fyrti dagar og fyrti netter alt til Gudsfjellet Horeb.
I Ki NorSMB 19:9  Der gjekk han inn i ein heller og var der um natti. Då kom Herrens ord til honom; han sagde til honom: «Kva vil du her, Elia?»
I Ki NorSMB 19:10  Og han svara: «Eg hev brunne av brennhug for Herren, allhers Gud; for Israels-borni hev vendt seg burt ifrå sambandet ditt; altari dine hev dei rive ned, og profetarne dine hev dei drepe med sverd; eg er att åleine, og dei stend meg etter livet.»
I Ki NorSMB 19:11  Då sagde han: «Gakk ut og statt på fjellet for Herrens åsyn!» Og so gjekk Herren framum der. Fyre Herren kom det ein stor og veldug storm, so fjell rivna og klettar klovna; Herren var ikkje i stormen. Etter stormen kom det ein jordskjelv; Herren var ikkje i jordskjelven.
I Ki NorSMB 19:12  Etter jordskjelven kom det eld; men Herren var ikkje i elden. Etter elden høyrdest ei mild susing.
I Ki NorSMB 19:13  So snart Elia høyrde det, sveipte han andlitet inn i kappa si og gjekk ut og stod ved inngangen til helleren. Då tala ei røyst til honom og sagde: «Kva vil du her, Elia?»
I Ki NorSMB 19:14  Og han svara: «Eg hev brunne av brennhug for Herren, Allhers Gud; for Israels-borni hev vendt seg burt frå sambandet ditt; altari dine hev dei rive ned, og profetarne dine hev dei drepe med sverd; eg er att åleine, og dei stend meg etter livet.»
I Ki NorSMB 19:15  Herren sagde til honom: «Far no attende og tak vegen til Damaskusheidi, og gakk inn i byen og salva Hazael til konge yver Syria!
I Ki NorSMB 19:16  Og Jehu Nimsison skal du salva til konge yver Israel, og Elisa Safatsson frå Abel-Mehola, skal du salva til profet i din stad.
I Ki NorSMB 19:17  Då skal det ganga so: Den som slepp undan Hazael-sverdet, honom skal Jehu drepa, og den som slepp undan Jehu-sverdet, skal Elisa drepa.
I Ki NorSMB 19:18  Men eg vil lata sju tusund vera att i Israel, alle dei kne som ikkje hev bøygt seg for Ba’al, og kvar munn som ikkje hev gjeve honom hyllingskyss.»
I Ki NorSMB 19:19  Då han gjekk derifrå, råka han på Elisa Safatsson, som heldt på og pløgde; tolv par uksar gjekk fyre honom, og sjølv køyrde han det tolvte paret. Og Elia gjekk burt til honom og kasta kappa si på honom.
I Ki NorSMB 19:20  Då slepte han uksarne og sprang etter Elia og sagde: «Lat meg få kyssa far min og mor mi, so skal eg fylgja deg!» Han sagde til honom: «Snu heim att då! Men kom i hug kva eg hev gjort med deg!»
I Ki NorSMB 19:21  So gjekk han ifrå honom att og tok dei tvo uksarne og slagta deim, og med oket åt uksarne koka han kjøtet deira og gav folket, og dei åt. Sidan tok han ut og fylgde Elia og vart tenaren hans.