Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I KINGS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 17
I Ki NorSMB 17:1  Og Elia frå Tisbe, ein av deim som hadde flutt inn ifrå Gilead, sagde til Ahab: «So sant Herren, Israels Gud, liver, han som eg er i tenesta hjå, so skal det ikkje koma regn eller dogg i desse åri utan eg segjer det.»
I Ki NorSMB 17:3  «Gakk herifrå og tak austetter og gøym deg attmed bekken Kerit på hi sida Jordan!
I Ki NorSMB 17:4  Av bekken skal du drikka, og føda til deg hev eg bode ramnarne syte for.»
I Ki NorSMB 17:5  Då tok han ut og gjorde som Herren hadde sagt; han gjekk av stad og vart verande attmed bekken Kerit, som er austanfor Jordan.
I Ki NorSMB 17:6  Og ramnarne bar brød og kjøt til honom um morgonen og brød og kjøt um kvelden, og av bekken drakk han.
I Ki NorSMB 17:7  Men då ei tid var lidi, torna bekken, for det kom ikkje regn i landet.
I Ki NorSMB 17:9  «Set i veg til Sarefat, som høyrer til Sidon, og gjev deg til der! Eg hev bede ei enkja syta for deg med føda.»
I Ki NorSMB 17:10  Han tok i veg til Sarefat, og då han kom til byporten, fekk han auga på ei enkja som sanka ved. Og han ropa til: «Henta ein liten grand vatn åt meg i ei skål, so eg fær drikka!»
I Ki NorSMB 17:11  Då ho no gjekk og skulde henta det, ropa han etter henne, og sagde: «Tak med deg eit stykke brød åt meg!»
I Ki NorSMB 17:12  Men ho svara: So sant Herren, din Gud, liver; eg eig ikkje ein brødleiv; ein neve mjøl i krukka og ein grand olje i krusi er det einaste; og no sankar eg saman eit par vedkjeppar og gjeng inn og lagar det til åt meg og son min; so fær me eta det og sidan døy.
I Ki NorSMB 17:13  Då sagde Elia til henne: «Ottast ikkje, gakk inn og gjer som du hev sagt! Men laga fyrst ei liti kaka åt meg og ber ut åt meg! Sidan kann du få laga til åt deg sjølv og son din.
I Ki NorSMB 17:14  For so segjer Herren, Israels Gud: «Mjølkrukka skal ikkje verta tom, og ikkje skal det skorta på olje i krusi, til dess Herren let det regna på jordi.»»
I Ki NorSMB 17:15  Då gjekk ho av stad og gjorde som Elia hadde sagt; og dei åt, både han og ho og husfolket hennar, ei heil tid frametter.
I Ki NorSMB 17:16  Mjølkrukka vart ikkje tom, og det skorta ikkje på olje i krusi; det gjekk som Herren hadde tala gjenom Elia.
I Ki NorSMB 17:17  Men ei tid etter desse hendingarne vart son åt kvinna, ho som åtte huset, sjuk; og sjukdomen hans vart ovleg tung, og til slutt andast han.
I Ki NorSMB 17:18  Då sagde ho til Elia: «Kva hev du, gudsmann, å gjera hjå meg? Du er komen til meg for å draga synda mi fram i minnet, so son min måtte døy.»
I Ki NorSMB 17:19  Men han sagde til henne: «Lat meg få guten din hit.» Og han tok honom or fanget hennar og bar honom upp på salen der han budde, og lagde honom på sengi si.
I Ki NorSMB 17:20  Og han ropa til Herren og sagde: «Herre, min Gud! At du kunde senda slik ulukka yver denne enkja som gjev meg herbyrge, og late son hennar døy!»
I Ki NorSMB 17:21  Og han lutte seg burtyver barnet tri gongar og ropa til Herren og sagde: «Herre, min Gud! Lat sjæli til guten koma attende til honom!»
I Ki NorSMB 17:22  Og Herren høyrde Elia; guten fekk sjæli attende og vart livande.
I Ki NorSMB 17:23  Og Elia tok barnet ifrå salen og hadde det nedatt i huset og gav det til mori, og Elia sagde: «Sjå, son din liver!»
I Ki NorSMB 17:24  Då sagde kvinna til Elia: «No veit eg at du er ein gudsmann, og at Herrens ord i din munn er sanning.»