II PETER
Chapter 3
II P | NorSMB | 3:1 | Dette er no alt det andre brevet eg skriv til dykk, de kjære, og i deim ved påminning vekkjer dykkar reine hug | |
II P | NorSMB | 3:2 | til å minnast dei ord som fyrr er tala av dei heilage profetar, og bodet frå Herren og frelsaren som apostlarne dykkar hev forkynt, | |
II P | NorSMB | 3:3 | med di de fyrst og fremst veit dette, at i dei siste dagar skal det koma spottarar med spott, som gjeng etter sine eigne lyster | |
II P | NorSMB | 3:4 | og segjer: «Kvar er lovnaden um hans tilkoma? For ifrå den tid då federne sovna av, stend alt so som frå upphavet av skapningen.» | |
II P | NorSMB | 3:5 | For dei som segjer so, gløymer at himlar var det frå gamall tid og ei jord som hadde vorte til ut av vatn og gjenom vatn ved Guds ord, | |
II P | NorSMB | 3:7 | Men dei noverande himlar og jordi er ved det same ordet sparde til elden, og upphaldne til den dagen då dei ugudlege menneskje skal verta dømde og fortapte. | |
II P | NorSMB | 3:8 | Men dette eine må de ikkje sleppa or syne, mine kjære, at ein dag er for Herren som tusund år, og tusund år som ein dag. | |
II P | NorSMB | 3:9 | Herren er ikkje langdrygjen med lovnaden, so som sume held det for ei drygjing; men han er langmodig med dykk, då han ikkje vil at nokon skal verta fortapt, men at alle skal koma til umvending. | |
II P | NorSMB | 3:10 | Men Herrens dag skal koma som ein tjuv; då skal himlarne forgangast med dundrane ljom, og himmelklotarne skal koma i brand og verta uppløyste, og jordi og alle verk på henne verta uppbrende. | |
II P | NorSMB | 3:11 | Då no alt dette vert uppløyst, kor må ikkje de då stræva etter heilag ferd og gudlegt liv, | |
II P | NorSMB | 3:12 | medan de ventar og skundar på at Guds dag skal koma, som skal gjera at himlarne vert uppløyste i eld, og himmelklotarne kjem i brand og brånar! | |
II P | NorSMB | 3:14 | Difor, mine kjære, då de ventar dette, so legg vinn på at de kann verta funne utan flekk og lyte for hans åsyn i fred! | |
II P | NorSMB | 3:15 | Og agta det langmod vår Herre viser, som ei frelsa, som og vår kjære bror Paulus hev skrive til dykk etter den visdom som han hev fenge, | |
II P | NorSMB | 3:16 | liksom og i alle sine brev når han i deim talar um desse ting; i deim er det noko som er vandt å skynda, som ulærde og ustøde mistyder, liksom dei og gjer med dei andre skrifterne, til sin eigen undergang. | |
II P | NorSMB | 3:17 | So må då de, mine kjære, som fyreåt veit dette, vara dykk, so de ikkje skal verta dregne med i villa av dei ugudlege og falla frå dykkar eigen faste grunn! | |