III JOHN
Chapter 1
III | NorSMB | 1:2 | Kjære ven! Eg ynskjer at du i alle måtar må liva vel og hava helsa, liksom di sjæl liver vel. | |
III | NorSMB | 1:3 | For eg vart mykje glad då det kom nokre brør og vitna um di sanning, korleis du ferdast i sanning. | |
III | NorSMB | 1:5 | Kjære ven, du gjer ei trufast gjerning med det du gjer mot brørne, og det jamvel mot dei framande, | |
III | NorSMB | 1:6 | og dei hev vitna for kyrkjelyden um din kjærleik. Du gjer vel um du hjelper deim i veg, som det er sømelegt for Gud. | |
III | NorSMB | 1:7 | For det er for hans namn skuld dei er gjengne ut, og dei tek ikkje imot noko av heidningarne. | |
III | NorSMB | 1:8 | Me er då skuldige til å taka imot slike, so me kann verta medarbeidarar for sanningi. | |
III | NorSMB | 1:9 | Eg hev skrive til kyrkjelyden; men Diotrefes, som gjerne vil vera fyrstemannen millom deim, tek ikkje imot oss. | |
III | NorSMB | 1:10 | Difor vil eg, når eg kjem, minna um dei gjerningar som han gjer, med di han baktalar oss med vonde ord; og ikkje nøgd med det, tek han ikkje sjølv imot brørne, og deim som det vil, hindrar han og støyter deim ut or kyrkjelyden. | |
III | NorSMB | 1:11 | Kjære, gjer ikkje etter det vonde, men etter det gode! den som gjer godt, er av Gud; den som gjer vondt, hev ikkje set Gud. | |
III | NorSMB | 1:12 | Demetrius hev godt lov av alle og av sjølve sanningi; ogso me gjev honom godt vitnemål, og du veit at vårt vitnemål er sant. | |