JUDGES
Chapter 12
Judg | NorSMB | 12:1 | Efraimitarne baud ut mannskapet sitt, og for nordetter, og sagde til Jefta: «Kvi sende du ’kje bod etter oss då du for av stad og vilde strida mot ammonitarne? No vil me setja eld på husi dine og brenna deg inne.» | |
Judg | NorSMB | 12:2 | «Eg og folket mitt låg i ein hard strid med ammonitarne, svara Jefta; «då ropa eg på dykk, men de hjelpte meg ikkje imot deim; | |
Judg | NorSMB | 12:3 | og då eg såg at de ikkje vilde hjelpa, våga eg livet, og for imot ammonitarne, og Herren gav deim i henderne mine. Kvi kjem de so no farande og vil slåst med meg?» | |
Judg | NorSMB | 12:4 | So samla han alle Gileads-mennerne, og stridde mot Efraim. Og Gileads-mennerne hogg efraimitarne ned, for di dei hadde sagt: De er rømingar frå Efraim! Gilead ligg midt i Efraim, midt i Manasse.» | |
Judg | NorSMB | 12:5 | Dei stengde vadi yver Jordan for efraimitarne, og kvar gong det kom ein efraimit som hadde rømt ifrå slaget og vilde sleppa yver, spurde dei: «Er du efraimit?» Han svara: «Nei.» | |
Judg | NorSMB | 12:6 | «Seg: sjibbolet!» sagde dei. Då sagde han: «Sibbolet;» for han kunde ikkje segja det rett. So greip dei honom, og drap honom innmed vadet. Den gongen fall det tvo og fyrti tusund mann av Efraims-ætti. | |
Judg | NorSMB | 12:7 | Jefta styrde Israel i seks år. So døydde Jefta frå Gilead, og vart gravlagd i ein av Gileads-byarne. | |
Judg | NorSMB | 12:9 | Han hadde tretti søner; tretti døtter gifte han burt, og tretti sonekonor henta han heim; han styrde Israel i sju år. | |
Judg | NorSMB | 12:14 | Han hadde fyrti søner og tretti sonesøner; dei reid på sytti asenfolar. Han styrde Israel i åtte år. | |