ROMANS
Chapter 13
Roma | NorSMB | 13:1 | Kvar mann skal vera lydug mot dei fyresette styremagter. For det finst ikkje styremagt utan av Gud, men dei som finst, deim hev Gud skipa, | |
Roma | NorSMB | 13:2 | so den som set seg imot styremagti, han stend imot Guds skipnad; men den som stend imot, skal få sin dom. | |
Roma | NorSMB | 13:3 | For dei styrande er ikkje til rædsla for den gode gjerning, men for den vonde. Vil du sleppa å ræddast styremagti? Gjer det som godt er, so skal du få ros av henne; | |
Roma | NorSMB | 13:4 | for ho er Guds tenar, deg til gode. Men gjer du det som vondt er, so ræddast! for ho ber ikkje sverdet for inkje; ho er Guds tenar, ein hemnar til refsing yver den som gjer det som vondt er. | |
Roma | NorSMB | 13:5 | Difor er det naudsynleg å vera lydug, ikkje berre for refsingi skuld, men og for samvitet. | |
Roma | NorSMB | 13:7 | Gjev då alle det de er deim skuldige: skatt til den som skatt skal hava, toll til den som toll skal hava, age til den som age skal hava, æra til den som æra skal hava. | |
Roma | NorSMB | 13:8 | Ver ingen noko skuldige, utan det å elska kvarandre! for den som elskar den andre, hev uppfyllt lovi. | |
Roma | NorSMB | 13:9 | For ordi: «Du skal ikkje gjera hor, du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje stela, du skal ikkje lysta,» og kva anna bodord det kann vera, det samlar seg til eitt i dette: «Du skal elska næsten din som deg sjølv.» | |
Roma | NorSMB | 13:11 | Og dette lyt me gjera, sidan me kjenner tidi, at timen er komen då me skal vakna or svevnen; for frelsa er oss næmare no enn då me tok ved trui. | |
Roma | NorSMB | 13:12 | Det lid med natti, og det stundar mot dag; lat oss då leggja verki frå myrkret av, og taka våpni til ljoset på! | |
Roma | NorSMB | 13:13 | Lat oss ferdasta sømeleg som um dagen, ikkje i svir og drykk, ikkje i utukt og lauslivnad, ikkje i kiv og ovund, | |