ROMANS
Chapter 15
Roma | NorSMB | 15:1 | Me som er sterke, me er skuldige til å bera vanstyrken hjå dei veike og ikkje vera oss sjølve til hugnad. | |
Roma | NorSMB | 15:3 | For Kristus levde ikkje heller seg sjølv til hugnad, men som skrive stend: «Deira hædingar som hædde deg, dei fall på meg.» | |
Roma | NorSMB | 15:4 | For alt det som fyrr er skrive, det er skrive oss til lærdom, so me skal hava von ved det tolmodet og den trøysti som skrifterne gjev. | |
Roma | NorSMB | 15:5 | Men Gud som gjev tolmod og trøyst, han gjeve at de må vera samlyndte med kvarandre etter Kristi Jesu fyredøme, | |
Roma | NorSMB | 15:8 | Eg meiner: Kristus hev vorte tenar for dei umskorne for Guds sannleik skuld, for å stadfesta lovnaderne til federne; | |
Roma | NorSMB | 15:9 | men heidningarne skal prisa Gud for miskunn, som skrive stend: «Difor vil eg prisa deg millom heidningar og lovsyngja ditt namn.» | |
Roma | NorSMB | 15:12 | Og atter segjer Jesaja: «Koma skal Isais rotrenning, han som reiser seg til herre yver heidningar, på honom skal heidningarne vona.» | |
Roma | NorSMB | 15:13 | Men den Gud som gjev voni, fylle dykk med all gleda og fred i trui, so de kann vera rike på von ved krafti frå den Heilage Ande! | |
Roma | NorSMB | 15:14 | Men eg og, mine brør, hev den visse trui um dykk, at de av dykk sjølve er fulle av godleik, fyllte med all kunnskap, duglege ogso til å påminna kvarandre. | |
Roma | NorSMB | 15:15 | Men endå hev eg sume stader skrive heller djervt til dykk, med di eg atter vilde gjeva dykk påminning etter den nåde som Gud hev gjeve meg, | |
Roma | NorSMB | 15:16 | at eg skal vera Jesu Kristi offerprest for heidningarne og gjera prestetenesta med evangeliet, so heidningarne kann verta eit huglegt offer, helga ved den Heilage Ande. | |
Roma | NorSMB | 15:18 | For eg vil ikkje våga meg til å tala um anna enn det som Kristus hev verka ved meg til å føra heidningar til lydnad, med ord og gjerning, | |
Roma | NorSMB | 15:19 | med kraft av teikn og under, med kraft av Guds Ande, so eg fullt hev kunngjort Kristi evangelium frå Jerusalem og rundt ikring alt til Illyria, | |
Roma | NorSMB | 15:20 | men då so, at eg sette mi æra i å forkynna evangeliet, ikkje der som Kristus alt var nemnd, at eg ikkje skulde byggja på framand grunnvoll, | |
Roma | NorSMB | 15:21 | men, som skrive stend: «Dei som ingi kunngjering hev fenge um honom, skal sjå, og dei som ikkje hev høyrt, skal skyna.» | |
Roma | NorSMB | 15:23 | Men no, då eg ikkje lenger hev rom i desse landi, og i mange år hev lengta etter å koma til dykk, | |
Roma | NorSMB | 15:24 | no vonar eg å få sjå dykk på gjenomferdi, når eg fer til Spania, og få fylgjeskap av dykk dit, når eg fyrst i nokon mun hev fenge hugnad hjå dykk. | |
Roma | NorSMB | 15:26 | For Makedonia og Akaia hev av si godvild gjort eit samanskot til dei fatige millom dei heilage i Jerusalem. | |
Roma | NorSMB | 15:27 | Dei hev gjort det av si godvild, dei stend og i skuld til deim; for hev heidningarne fenge av deira åndelege gode ting, so er dei og skuldige til å tena deim med dei timelege. | |
Roma | NorSMB | 15:28 | Når eg då hev fullført dette og lagt denne frukt i deira hender, so vil eg fara derifrå gjenom dykkar by til Spania, | |
Roma | NorSMB | 15:29 | og eg veit at når eg kjem til dykk, so skal eg koma med ei fylla av Kristi velsigning. | |
Roma | NorSMB | 15:30 | Men eg legg dykk på hjarta, brør, for vår Herre Jesu Kristi og Andens kjærleik, at de må strida med meg i dykkar bøner for meg til Gud, | |
Roma | NorSMB | 15:31 | at eg må ganga fri for dei vantruande i Judæa, og mi ærend til Jerusalem må tekkjast dei heilage, | |
Roma | NorSMB | 15:32 | so eg kann koma til dykk med gleda, um Gud so vil, og kveikjast upp i samvære med dykk. | |