ROMANS
Chapter 3
Roma | NorSMB | 3:3 | For korleis er det? um sume var utrue, skulde då deira utruskap gjera Guds truskap til inkjes? | |
Roma | NorSMB | 3:4 | Nei, langt ifrå! Lat det standa fast at Gud er sannordig, men kvart menneskje ein ljugar, som skrive stend: «At du må finnast rettferdig i dine ord, og vinna når du fører di sak.» | |
Roma | NorSMB | 3:5 | Men um vår urettferd syner Guds rettferd, kva skal me då segja? Er vel Gud urettferdig når han fører vreiden sin yver oss? Eg talar på menneskjevis. | |
Roma | NorSMB | 3:7 | Ja, men um no Guds sannleik ved mi lygn synte seg ovstor til hans æra, kvi vert då eg endå dømd som ein syndar? | |
Roma | NorSMB | 3:8 | Og skal me ikkje då - som me vert spotta for, og som sume segjer at me lærer - gjera det vonde, so det gode kann koma utav det? Rettferdig er den domen som slike fær yver seg. | |
Roma | NorSMB | 3:9 | Kva då? Hev me nokon fyremun? Nei, slett ikkje; for me hev fyrr klaga både jødar og grækarar for at dei er under synd alle saman, | |
Roma | NorSMB | 3:12 | Alle er avvikne, dei er udugande vortne alle saman; det finst ikkje nokon som gjer godt, det finst ikkje ein einaste. | |
Roma | NorSMB | 3:13 | Ei opna grav er strupen deira, med tungorne sine gjorde dei svik, orme-eiter er under lipporne deira. | |
Roma | NorSMB | 3:19 | Men me veit at alt det som lovi segjer, det talar ho til deim som hev lovi, so kvar munn skal tagna og all verdi verta saka for Gud, | |
Roma | NorSMB | 3:20 | sidan inkje kjøt kann verta rettferdiggjort for honom med lovgjerningar; for ved lovi kjem ein til å kjenna synd. | |
Roma | NorSMB | 3:22 | det vil segja Guds rettferd ved tru på Jesus Kristus for alle og yver alle som trur. For det finst inkje skil; | |
Roma | NorSMB | 3:24 | med di dei vert rettferdiggjorde ufortent av hans nåde ved utløysingi i Kristus Jesus. | |
Roma | NorSMB | 3:25 | Honom synte Gud fram i blodet hans, som ein nådestol ved trui, til å visa si rettferd, av di han i sitt langmod hadde havt tol med dei synder som fyrr var gjorde - | |
Roma | NorSMB | 3:26 | til å visa si rettferd i den tid som no er, so han kunde vera rettferdig og gjera den rettferdig som hev trui på Jesus. | |
Roma | NorSMB | 3:27 | Kvar er so vår ros? Ho er utestengd. Kva lov er det ved? Gjerningslovi? Nei, ved tru-lovi. | |
Roma | NorSMB | 3:29 | Eller er Gud berre Gud for jødar? Er han ikkje Gud for heidningar og? Jau, for heidningar og, | |
Roma | NorSMB | 3:30 | so sant Gud er ein, og han rettferdiggjer dei umskorne av tru, og dei u-umskorne ved tru. | |