Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ROMANS
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 1
Roma NorSMB 1:1  Paulus, Jesu Kristi tenar, kalla til apostel, utkåra til å forkynna Guds evangelium,
Roma NorSMB 1:2  som han lova fyreåt gjenom profetarne sine i heilage skrifter,
Roma NorSMB 1:3  um Son hans, som etter kjøtet er komen av Davids ætt,
Roma NorSMB 1:4  som etter heilagdoms ånd er sannsynt å vera Guds velduge Son ved uppstoda frå dei daude, Jesus Kristus, vår Herre,
Roma NorSMB 1:5  som me fekk nåde ved og apostel-embætte til å verka lydnad i tru millom alle heidningfolki for hans namn skuld
Roma NorSMB 1:6  - millom deim er de og kalla til Jesus Kristus -
Roma NorSMB 1:7  til alle deim i Rom som Gud elskar, de kalla, heilage: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus!
Roma NorSMB 1:8  Fyrst takkar eg min Gud ved Jesus Kristus for dykk alle, av di trui dykkar er namngjeti i heile verdi.
Roma NorSMB 1:9  For Gud som eg tener i mi ånd i hans Sons evangelium, han er mitt vitne um kor uavlatande eg kjem dykk i hug.
Roma NorSMB 1:10  I bønerne mine bed eg alltid um at eg då endeleg eingong med Guds vilje kunde få lukka til å koma til dykk.
Roma NorSMB 1:11  For eg stundar etter å sjå dykk, so eg kunde få gjeva dykk av eikor åndeleg nådegåva med meg til dykkar styrkjing,
Roma NorSMB 1:12  det vil segja at eg hjå dykk kunde hyggjast saman med dykk ved vår sams tru, dykkar og mi.
Roma NorSMB 1:13  Og eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um at eg ofte hev etla meg til å koma til dykk - men eg vart hindra alt til no - so eg kunde hava eikor frukt hjå dykk og, liksom hjå hine heidningfolki.
Roma NorSMB 1:14  Eg stend i skuld både til grækarar og barbarar, både til vise og uvise.
Roma NorSMB 1:15  Soleis er eg på mi sida viljug til å preika evangeliet for dykk og som er i Rom.
Roma NorSMB 1:16  For eg skjemmest ikkje ved evangeliet, for det er ei Guds kraft til frelsa for kvar den som trur, både for jøde fyrst og so for grækar.
Roma NorSMB 1:17  For i det vert Guds rettferd openberra av tru til tru, som skrive stend: «Den rettferdige, av tru skal han liva.»
Roma NorSMB 1:18  For Guds vreide vert openberra frå himmelen yver all gudløysa og urettferdi hjå folk som held att sanningi i urettferd.
Roma NorSMB 1:19  For det som ein kann vita um Gud, ligg i dagen for deim, for Gud hev openberra deim det.
Roma NorSMB 1:20  For hans usynlege grunnhått, både hans ævelege kraft og guddom, er synleg sidan han skapte verdi, då ein kann skyna honom av gjerningarne - so folk skal vera utan orsaking
Roma NorSMB 1:21  når dei, endå dei kjende Gud, like vel ikkje æra eller takka honom som Gud, men vart fåfengde i tankarne sine, og deira uvituge hjarta myrktest.
Roma NorSMB 1:22  Medan dei briska seg med at dei var vise, vart dei dårar,
Roma NorSMB 1:23  og dei bytte den uforgjengelege Guds herlegdom burt for eit bilæte som likjest eit forgjengelegt menneskje og fuglar og firføtte dyr og krjupdyr.
Roma NorSMB 1:24  Difor gav Gud deim yver i deira hjartans lyster til ureinskap, so dei skjemde sine likamar seg imillom,
Roma NorSMB 1:25  dei som bytte burt Guds sanning for lygn, og æra og dyrka skapningen framfor skaparen, han som er velsigna i all æva. Amen.
Roma NorSMB 1:26  Difor gav Gud deim yver til skamlege lyster, for både kvinnorne deira forvende det naturlege bruket til det unaturlige,
Roma NorSMB 1:27  og like eins gjekk mennerne og burt frå det naturlege bruket av kvinna og kveiktest upp i lyst til kvarandre, so menner dreiv skjemdarverk med menner, og fekk på seg sjølve det vederlag for si villferd som rett var.
Roma NorSMB 1:28  Og liksom dei ikkje brydde seg um å eiga Gud i kunnskap, so gav Gud deim yver til ein hug som inkje duger, so dei gjorde det usømelege:
Roma NorSMB 1:29  fulle av all urettferd, vanart, vinnesykja, vondskap, fulle av ovund, mord, trætta, svik, fulkynde,
Roma NorSMB 1:30  øyretutarar, baktalarar, gudhata, valdsmenner, stormodige, storordige, uppfinnsame på vondt, ulyduge mot foreldre,
Roma NorSMB 1:32  slike som vel kjenner Guds dom, at dei som gjer slikt, er verde dauden, og endå ikkje berre gjer det, men og gjev deim medhald som gjer det.