Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ROMANS
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 3
Roma NorSMB 3:1  Kva fyremun hev so jøden? eller kva gagn er det i umskjeringi?
Roma NorSMB 3:2  Mykje i alle måtar! fyrst og fremst det at Guds ord vart gjeve deim til i vareign.
Roma NorSMB 3:3  For korleis er det? um sume var utrue, skulde då deira utruskap gjera Guds truskap til inkjes?
Roma NorSMB 3:4  Nei, langt ifrå! Lat det standa fast at Gud er sannordig, men kvart menneskje ein ljugar, som skrive stend: «At du må finnast rettferdig i dine ord, og vinna når du fører di sak.»
Roma NorSMB 3:5  Men um vår urettferd syner Guds rettferd, kva skal me då segja? Er vel Gud urettferdig når han fører vreiden sin yver oss? Eg talar på menneskjevis.
Roma NorSMB 3:6  Nei, langt ifrå! Korleis kunde då Gud døma verdi?
Roma NorSMB 3:7  Ja, men um no Guds sannleik ved mi lygn synte seg ovstor til hans æra, kvi vert då eg endå dømd som ein syndar?
Roma NorSMB 3:8  Og skal me ikkje då - som me vert spotta for, og som sume segjer at me lærer - gjera det vonde, so det gode kann koma utav det? Rettferdig er den domen som slike fær yver seg.
Roma NorSMB 3:9  Kva då? Hev me nokon fyremun? Nei, slett ikkje; for me hev fyrr klaga både jødar og grækarar for at dei er under synd alle saman,
Roma NorSMB 3:10  so som skrive stend: «Det finst ingen rettferdig, ikkje ein heller;
Roma NorSMB 3:11  det finst ikkje den som er vitug, det finst ikkje den som søkjer Gud.
Roma NorSMB 3:12  Alle er avvikne, dei er udugande vortne alle saman; det finst ikkje nokon som gjer godt, det finst ikkje ein einaste.
Roma NorSMB 3:13  Ei opna grav er strupen deira, med tungorne sine gjorde dei svik, orme-eiter er under lipporne deira.
Roma NorSMB 3:19  Men me veit at alt det som lovi segjer, det talar ho til deim som hev lovi, so kvar munn skal tagna og all verdi verta saka for Gud,
Roma NorSMB 3:20  sidan inkje kjøt kann verta rettferdiggjort for honom med lovgjerningar; for ved lovi kjem ein til å kjenna synd.
Roma NorSMB 3:21  Men no er Guds rettferd, som lovi og profetarne vitnar um, openberra utan lovi,
Roma NorSMB 3:22  det vil segja Guds rettferd ved tru på Jesus Kristus for alle og yver alle som trur. For det finst inkje skil;
Roma NorSMB 3:24  med di dei vert rettferdiggjorde ufortent av hans nåde ved utløysingi i Kristus Jesus.
Roma NorSMB 3:25  Honom synte Gud fram i blodet hans, som ein nådestol ved trui, til å visa si rettferd, av di han i sitt langmod hadde havt tol med dei synder som fyrr var gjorde -
Roma NorSMB 3:26  til å visa si rettferd i den tid som no er, so han kunde vera rettferdig og gjera den rettferdig som hev trui på Jesus.
Roma NorSMB 3:27  Kvar er so vår ros? Ho er utestengd. Kva lov er det ved? Gjerningslovi? Nei, ved tru-lovi.
Roma NorSMB 3:28  For me held fyre at menneskja vert rettferdiggjord ved tru utan lovgjerningar.
Roma NorSMB 3:29  Eller er Gud berre Gud for jødar? Er han ikkje Gud for heidningar og? Jau, for heidningar og,
Roma NorSMB 3:30  so sant Gud er ein, og han rettferdiggjer dei umskorne av tru, og dei u-umskorne ved tru.
Roma NorSMB 3:31  Gjer me då lovi um inkje med trui? Nei, langt ifrå; me stadfester lovi.