Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
SONG OF SOLOMON
1 2 3 4 5 6 7 8
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 6
Song NorSMB 6:1  «Kvar helst er han gjengen, din ven, du fagraste dros? Kvar helst hev din ven svive av, so me kann leita med deg?»
Song NorSMB 6:2  «Min ven gjekk til hagen sin ned, til balsam-sengjer, til å gjæta i hagom og liljor sanka.»
Song NorSMB 6:3  «Min ven er min og eg er hans, han som gjæter millom liljor.»
Song NorSMB 6:4  «Du er fager, du min hugnad, som Tirsa, som Jerusalem er du frid, som herfylgje ageleg.
Song NorSMB 6:5  Snu augo dine ifrå meg, for dei magtstel meg. Ditt hår er ein geiteflokk likt, ned Gilead renn.
Song NorSMB 6:6  Dine tenner ein flokk med sauer, komne upp or laug, med tvillingar alle, utan lamb er ingen.
Song NorSMB 6:7  Som eit granateple-brot din tinning glytter fram attum slør.
Song NorSMB 6:8  Seksti dronningar, åtteti fylgjekvende, av møyar ein endelaus lyd.
Song NorSMB 6:9  Men ei einast’ mi duva, mi frægd, einaste barnet til mor, brikna hennar som henne åtte. Ho vert sælka av møyar, henne ser, av dronningar og fylgjekvende lova.»
Song NorSMB 6:10  «Kven er ho som lik morgonroden gloser, som fullmånen fager, brikjeleg som sol, som herfylgje ageleg?»
Song NorSMB 6:11  «Eg gjekk ned i natahagen, vilde sjå kor det grønkast i dale, vilde sjå um vintreet spratt, um granateple-treet bar blom.
Song NorSMB 6:12  Eg visste ’kje av, fyrr hugen meg drog og meg sette på mitt gjæve folks vogn.»
Song NorSMB 6:13  «Å, snu deg, snu deg, Sulammit! Snu deg, snu deg, so me deg ser.» «Kva er det å sjå på Sulammit?» «Ein dans som i Mahanajim.»