Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
DANIEL
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 7
Dani NorSMB 7:1  I det fyrste styringsåret åt den babyloniske kongen Belsassar hadde Daniel ein draum og såg ei syn i hovudet på lægjet sitt. Sidan skreiv han upp draumen og fortalde hovudsummen av innhaldet.
Dani NorSMB 7:2  Daniel tok til ords og sagde: Eg hadde ei syn um natti, og i den syni såg eg korleis dei fire himmelvindarne storma fram yver det store havet.
Dani NorSMB 7:3  Og fire store dyr steig upp or havet, det eine ulikt det andre.
Dani NorSMB 7:4  Det fyrste liktest ei løva, men det hadde vengjer som ein ørn. Medan eg såg på det, vart vengjerne rivne av dyret, og det vart lyft upp frå marki og sett på tvo føter som eit menneskje, og eit mannehjarta fekk det.
Dani NorSMB 7:5  So fekk eg sjå eit dyr til, det andre i rekkja; det var likt ein bjørn, og det lette seg upp på den eine sida, og det hadde tri sidebein i gapet millom tennerne. Og til dyret vart det sagt: «Statt upp, og et mykje kjøt!»
Dani NorSMB 7:6  Etter det fekk eg sjå eit anna dyr, som liktest ein pantar, men på sidorne hadde det fire fuglevengjer; og dyret hadde fire hovud, og velde vart det gjeve.
Dani NorSMB 7:7  Etter det fekk eg i syni mi um natti sjå det fjorde dyret, øgjelegt og skræmelegt og uhorveleg sterkt; det hadde store tenner av jarn, det åt og krasa, og leivningarne trakka det sund med føterne: det var ulikt alle hine dyri og hadde ti horn.
Dani NorSMB 7:8  Medan eg skoda på horni, fekk eg sjå korleis det skaut upp millom deim eit anna horn, eit lite, som skuva undan seg tri av hine horni; og sjå, det hornet hadde augo lik manneaugo, og ein munn som tala store ord.
Dani NorSMB 7:9  Medan eg heldt på og såg på dette, vart det sett fram stolar, og ein som gamall var, sette seg ned. Klædnaden hans var snøkvit, og håret på hovudet hans som rein ull; stolen hans var av eldslogar, og hjuli under var av brennande eld.
Dani NorSMB 7:10  Ei elv av eld strøymde ut frå honom; tusund gonger tusund var tenarane hans, og ti tusund gonger ti tusund stod til tenesta for honom. So vart retten sett, og bøker vart opna.
Dani NorSMB 7:11  Medan eg heldt på og såg på dette, hende det, for dei store ord skuld som hornet tala, at medan eg heldt på og såg på dette, vart dyret drepe, og kroppen åt dyret vart tynt og kasta i elden til å brennast.
Dani NorSMB 7:12  Veldet åt dei andre dyri vart frå deim teke; for livetidi var fastsett til tid og stund.
Dani NorSMB 7:13  Sidan fekk eg sjå i nattsynerne korleis ein som liktest ein menneskjeson, kom med himmelskyerne; han gjekk burt til den gamle og vart ført fram for honom.
Dani NorSMB 7:14  Og han fekk velde og æra og rike, og alle folk og ætter og tungemål skulde tena honom. Hans velde er eit ævelegt velde, som ikkje skal verta frå honom teke, og riket hans skal ikkje rikkast.
Dani NorSMB 7:15  Då kjende eg, Daniel, åndi mi uroast i meg, og synerne i hovudet mitt skræmde meg.
Dani NorSMB 7:16  Eg gjekk fram til ein av deim som stod der, og bad honom um ei pålitande uttyding på alt dette. Og han svara meg og sagde meg uttydingi på det:
Dani NorSMB 7:17  «Desse fire store dyri tyder at det skal koma upp fire kongar av jordi.
Dani NorSMB 7:18  Men sidan skal dei heilage åt den Høgste taka imot riket og hava det i eiga alt til æva, ja, til ævordoms æva.»
Dani NorSMB 7:19  Etter dette vilde eg hava pålitande uttyding um det fjorde dyret som var ulikt alle hine, det som var so oversleg øgjelegt og hadde tenner av jarn og klør av kopar, det som åt og krasa og sidan trakka under føterne det som det leivde;
Dani NorSMB 7:20  so og um dei ti horni på hovudet åt det og um det nye hornet, det som sidan skaut upp, og som dei tri andre fall av for, det hornet som hadde augo og ein munn som tala store ord, det som var større å sjå til enn alle hine.
Dani NorSMB 7:21  Eg hadde set hornet føra krig mot dei heilage og sigra yver deim,
Dani NorSMB 7:22  til dess han kom, han som gamall var, og retten vart gjeven til dei heilage åt den Høgste, og tidi var komi då dei heilage fekk riket i eiga.
Dani NorSMB 7:23  Då svara han og sagde: «Det fjorde dyret tyder at eit fjorde rike skal koma upp på jordi og vera ulikt alle hine riki. Det skal gløypa heile jordi og trakka henne sund og krasa henne.
Dani NorSMB 7:24  Og dei ti horni tyder at det skal koma upp ti kongar i det riket; og etter deim skal det koma upp ein annan, som skal vera dei fyrre ulik, og som skal slå ned tri kongar.
Dani NorSMB 7:25  Og han skal tala ord mot den Høgste, og dei heilage åt den Høgste skal han øyda; han skal setja seg fyre å skifta um tider og lov; og dei skal gjevast i hans hand ei tid og tider og ei halv tid.
Dani NorSMB 7:26  Men so vert retten sett, og veldet hans skal verta frå honom teke, spillt og avøydt alt til endes.
Dani NorSMB 7:27  Men herredøme og veldet og stordom yver alle rike under himmelen skal verta gjeve til lyden av dei heilage åt den Høgste. Hans rike skal vera eit ævelegt rike, og alle herrevelde skal tena og lyda det.»
Dani NorSMB 7:28  Her sluttar fråsegni. Men eg, Daniel, vart full av mange urolege tankar, og eg skifte liter i andlitet; men eg gøymde i hjarta mitt det som hadde hendt.