DANIEL
Chapter 3
Dani | NorSMB | 3:1 | Kong Nebukadnessar let gjera eit bilæte av gull, seksti alner høgt og seks alner breidt; det fekk han sett upp på Durasletta i Babelsfylket. | |
Dani | NorSMB | 3:2 | Og kong Nebukadnessar sende ut menner som skulde stemna saman satraparne og jarlarne og landshovdingarne og rådsmennerne og skattmeistrarne og dei lovkunnige og domarane og alle andre embætsmenner i fylki, at dei skulde koma til vigsla av det bilætet som kong Nebukadnessar hadde fenge reist. | |
Dani | NorSMB | 3:3 | Då samla dei seg, satraparne og jarlarne og landshovdingarne og rådsmennerne og skattmeistrarne og dei lovkunnige og domararne og alle andre embetsmenner i fylki og skulde vigsla det bilætet som Nebukadnessar hadde fenge reist; og då dei so stod framfor det bilætet som Nebukadnessar hadde fenge reist, | |
Dani | NorSMB | 3:5 | Når de høyrer ljoden av horn, fløyta, cither, harpa, psalter, sekkjepipa og alle slags andre spel, då skal de falla ned og tilbeda det gull-bilætet som kong Nebukadnessar hev fenge reist. | |
Dani | NorSMB | 3:6 | Men den som ikkje fell ned og tilbed, skal i same stundi verta kasta i ein brennande omn.» | |
Dani | NorSMB | 3:7 | So snart alt folket no høyrde ljoden av horn, fløyta, cither, harpa, psalter og alle andre slags spel, fall dei difor ned, alle folk og ættar og tungemål, og tilbed det gull-bilætet som kong Nebukadnessar hadde fenge reist. | |
Dani | NorSMB | 3:10 | Konge, du hev gjeve bod um at alle menneskje skulde falla ned og tilbeda gull-bilætet når dei høyrde ljoden av horn, fløyta, cither, harpa, psalter, sekkjepipa og alle andre spel, | |
Dani | NorSMB | 3:11 | og at kvar og ein som ikkje fell ned og tilbed, skal verta kasta i ein brennande omn. | |
Dani | NorSMB | 3:12 | Men no er her nokre jødiske menner, Sadrak, Mesak og Abed-Nego, som du sette til å styra Babelsfylket. Desse mennerne hev ikkje agta på deg, konge. Dei dyrkar ikkje dine gudar, og ikkje tilbed dei gull-bilætet som du hev fenge reist.» | |
Dani | NorSMB | 3:13 | Då baud Nebukadnessar i vreide og harm at dei skulde føra fram Sadrak, Mesak og Abed-Nego. Og dei førde mennerne fram for kongen. | |
Dani | NorSMB | 3:14 | Nebukadnessar tala til deim og sagde: «Er det med vilje at de, Sadrak, Mesak og Abed-Nego, ikkje dyrkar mine gudar og ikkje tilbed det gull-bilætet som eg hev fenge reist? | |
Dani | NorSMB | 3:15 | Ja, ja, alt skal verta godt att, so framt de er viljuge til å falla ned og tilbeda det bilætet som eg hev fenge gjort, når de høyrer ljoden av horn, fløyta, cither, harpa, psalter og sekkjepipa og alle slag andre spel. Men dersom de ikkje tilbed, so skal de i same stundi verta kasta i den brennande omn; og kven er den gud som då kann frelsa dykk or mi hand?» | |
Dani | NorSMB | 3:16 | Då svara Sadrak, Mesak og Abed-Nego og sagde til kongen: «Nebukadnessar, me tarv ikkje gjeva deg noko svar på dette. | |
Dani | NorSMB | 3:17 | Um vår Gud, han som me dyrkar, magtar å frelsa oss, so skal han og frelsa oss or den brennande omnen og or di hand, konge. | |
Dani | NorSMB | 3:18 | Men um han ikkje det vil, so skal du vita, konge, at me dyrkar ikkje dine gudar kor som er, og at me ikkje vil tilbeda det gull-bilætet som du hev fenge reist.» | |
Dani | NorSMB | 3:19 | Då rann det slikt sinne i Nebukadnessar mot Sadrak, Mesak og Abed-Nego, at han skifte liter i andlitet. Og han tok til ords og baud at dei skulde gjera omnen sju gonger so heit som elles var turvande. | |
Dani | NorSMB | 3:20 | Og nokre handfaste karar i heren hans fekk fyresegn um å binda Sadrak, Mesak og Abed-Nego og kasta deim i den brennande omnen. | |
Dani | NorSMB | 3:21 | So vart mennerne bundne i underklædi, kjolarne, kapporne og dei andre klædi sine og kasta i den brennande omnen. | |
Dani | NorSMB | 3:22 | Men etter di bodet åt kongen hadde vore so strengt, og omnen difor var vorten so uhorveleg upphita, vart dei mennerne som førde Sadrak, Mesak og Abed-Nego upp dit, sjølv drepne av eldslogarne. | |
Dani | NorSMB | 3:23 | Men dei tri mennerne, Sadrak, Mesak og Abed-Nego, vart kasta bundne ned i den brennande omnen. | |
Dani | NorSMB | 3:24 | Då stokk kong Nebukadnessar og stod svint upp og spurde rådsherrarne sine og sagde: «Var det ikkje tri menner me batt og kasta i elden?» Dei svara og sagde til kongen: «Jau visst, konge.» | |
Dani | NorSMB | 3:25 | Han heldt fram og sagde: «Og endå ser eg no fire menner som gjeng lause og leduge inne i elden, og inkje mein hev dei fenge; og den fjorde ser ut som ein gudeson. | |
Dani | NorSMB | 3:26 | Dermed steig Nebukadnessar fram til døri på den brennande omnen, tok til ords og sagde: Sadrak, Mesak og Abed-Nego, de tenarar åt den høgste Gud, kom ut her!» Då gjekk Sadrak, Mesak og Abed-Nego ut or elden. | |
Dani | NorSMB | 3:27 | Og satraparne og jarlarne og landshovdingarne og rådsherrarne åt kongen samla seg saman der, og fekk sjå at elden ikkje hadde havt nokor magt yver likamen til desse mennerne, og at håret på hovudi deira ikkje var svidt, og at klædi deira ikkje var skadde; ja, ein kunde ikkje ein gong kjenna lukti av noko brent på deim. | |
Dani | NorSMB | 3:28 | Då tok Nebukadnessar til ords og sagde: «Lova vere Gud åt Sadrak, Mesak og Abed-Nego, som sende engelen sin og frelsa tenararne sine, som trøysta seg so fast til honom at dei braut ordi åt kongen og våga livet sitt, so dei ikkje skulde nøydast til å dyrka og tilbeda nokon annan gud enn sin eigen Gud! | |
Dani | NorSMB | 3:29 | So gjev eg no det bodet at kven det so er av alle folk og ætter og tungemål som segjer noko usømelegt um Sadrak, Mesak og Abed-Negos Gud, han skal hoggast i sund, og huset hans skal gjerast til ein sorphaug; for det finst ingen gud som kann hjelpa so som han.» | |