HEBREWS
Chapter 1
Hebr | NorSMB | 1:1 | Etter at Gud fordom hadde tala mange gonger og på mange måtar til federne gjenom profetarne, so hev han i desse siste dagar tala til oss gjenom Sonen. | |
Hebr | NorSMB | 1:3 | Han er avglansen av hans herlegdom og avbilætet av hans grunn-hått, og ber alle ting ved sitt veldes ord, og då han hadde gjort reinsing for synderne våre, sette han seg difor ved høgre handi åt Majestæten i det høge, | |
Hebr | NorSMB | 1:4 | og han hev vorte so mykje hævare enn englarne som han hev ervt eit herlegare namn framfor deim. | |
Hebr | NorSMB | 1:5 | For kven av englarne hev han noko sinn sagt det til: «Du er son min, eg hev født deg i dag?» og atter: «Eg vil vera honom ein far, og han skal vera meg ein son.» | |
Hebr | NorSMB | 1:6 | Men når han atter fører den fyrstefødde inn i verdi, segjer han: «Og alle Guds englar skal tilbeda honom.» | |
Hebr | NorSMB | 1:7 | Og um englarne segjer han: «Han som gjer englarne sine til vindar og tenarane sine til eldsloge;» | |
Hebr | NorSMB | 1:8 | men um Sonen: «Din kongsstol, Gud, stend i all æva; ein kongsstav med rettvisa er kongsstaven i ditt rike. | |
Hebr | NorSMB | 1:9 | Du elska rettferd og hata urett; difor hev Gud, din Gud, salva deg med fagnads olje framfor dine medbrør.» | |
Hebr | NorSMB | 1:12 | og som ei kåpa skal du rulla deim saman, og dei skal verta umskifte, men du er den same, og dine år skal ikkje få ende.» | |
Hebr | NorSMB | 1:13 | Men kven av englarne hev han noko sinn sagt det til: «Set deg ved mi høgre hand, til dess eg legg dine fiendar til skammel under dine føter?» | |