Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
HEBREWS
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13
Prev Up Next
Chapter 2
Hebr NorSMB 2:1  Difor skal me so mykje meir agta på det me hev høyrt, so me ikkje skal driva undan.
Hebr NorSMB 2:2  For dersom det ord som var tala ved englar, stod fast, og kvar misgjerd og ulydnad mot det fekk si rettferdige løn,
Hebr NorSMB 2:3  kor skal då me sleppa undan, um me ikkje vyrder so stor ei frelsa? den som fyrst vart forkynt ved Herren og er komi vitnefast til oss ved deim som høyrde honom,
Hebr NorSMB 2:4  med di Gud vitna med både ved teikn og under og ymse kraftverk og tildeiling av den Heilage Ande etter sin vilje.
Hebr NorSMB 2:5  For det var ikkje under englar, han lagde den komande verdi som me talar um.
Hebr NorSMB 2:6  Men ein hev vitna ein stad og sagt: «Kva er eit menneskje, at du kjem det i hug, eller ein menneskjeson, at du ser til honom?
Hebr NorSMB 2:7  du gjorde honom lite lægre enn englarne; med herlegdom og æra krynte du honom og sette honom yver dei verk dine hender gjorde;
Hebr NorSMB 2:8  alle ting lagde du under hans føter.» For då han lagde alle ting under honom, so tok han ingen ting undan som ikkje er honom underlagd; men no ser me endå ikkje at alle ting er honom underlagde.
Hebr NorSMB 2:9  Men den som var gjord lite lægre enn englarne, Jesus, honom ser me, av di han leid dauden, krynt med herlegdom og æra, so han ved Guds nåde skulde smaka dauden for alle.
Hebr NorSMB 2:10  For det sømde seg honom som alt er til for, og som alt er til ved, då han førde mange born til herlegdom, ved lidingar å fullenda frelse-hovdingen deira.
Hebr NorSMB 2:11  For både den som helgar, og dei som vert helga, er alle av ein; difor skjemmest han ikkje ved å kalla deim brør,
Hebr NorSMB 2:12  når han segjer: «Eg vil forkynna ditt namn for mine brør, eg vil lovsyngja deg midt i lyden;»
Hebr NorSMB 2:13  og atter: «Eg vil setja mi tru til honom;» og atter: «Sjå, her er eg og dei born Gud hev gjeve meg.»
Hebr NorSMB 2:14  Då no borni hev kjøt og blod saman, so vart han og på dilik måte samhavande deri, for at han ved dauden skulde gjera den til inkjes som hadde daudens velde, det er djevelen,
Hebr NorSMB 2:15  og fria ut alle deim som av rædsla for dauden var i trældom all si livstid.
Hebr NorSMB 2:16  For englar han tek seg då vel ikkje av, men Abrahams ætt tek han seg av.
Hebr NorSMB 2:17  Difor laut han verta brørne sine lik i alle ting, so han kunde verta ein miskunnsam og trufast øvsteprest for Gud til å gjera soning for synderne åt folket.
Hebr NorSMB 2:18  For av di han sjølv hev lide og vore freista, so kann han koma deim til hjelp som vert freista.