HEBREWS
Chapter 5
Hebr | NorSMB | 5:1 | For kvar øvsteprest vert teken bland menneskje og vert innsett for menneskje til tenesta for Gud, til å bera fram gåvor og slagtoffer for synder, | |
Hebr | NorSMB | 5:2 | som ein sovoren som kann vera linnhjarta mot dei vankunnige og villfarande, av di han og sjølv ligg under vesaldom, | |
Hebr | NorSMB | 5:3 | og for den skuld lyt han bera fram syndoffer, liksom for folket, so og for seg sjølv. | |
Hebr | NorSMB | 5:5 | So hev ikkje Kristus heller tillagt seg den æra å verta øvsteprest, men han som sagde til honom: «Du er min son, eg hev født deg i dag.» | |
Hebr | NorSMB | 5:6 | Liksom han og segjer ein annan stad: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.» | |
Hebr | NorSMB | 5:7 | Og han hev i sitt kjøts dagar med sterkt rop og tåror bore fram bøner og naudbeding til honom som kunde frelsa honom frå dauden, og vart bønhøyrd for sin gudlegdom, | |
Hebr | NorSMB | 5:9 | og då han var fullenda, vart han upphav til æveleg frelsa for alle deim som lyder honom, | |
Hebr | NorSMB | 5:11 | Um dette hev me mykje å segja, som og er vandt å leggja ut, då de hev vorte seinføre til å høyra. | |
Hebr | NorSMB | 5:12 | For de som etter tidi skulde vore lærarar, de treng atter til at ein lærer dykk dei fyrste grunnar i Guds ord; og de hev vorte slike som treng til mjølk og ikkje fast føda. | |