HOSEA
Chapter 6
Hose | NorSMB | 6:1 | «Kom, lat oss venda um til Herren! For det er han som hev såra, og han vil lækja oss. Han slo, men vil og fetla oss. | |
Hose | NorSMB | 6:2 | Han skal gjera oss livande um tvo dagar, den tridje dagen skal han reisa oss upp att, og me skal liva framfor hans åsyn. | |
Hose | NorSMB | 6:3 | So lat oss læra å kjenna, ja, lat oss strida for å læra kjenna Herren! Han renn upp so visst som morgonroden. Og han kjem nedyver oss som regnet, som eit vårregn som væter jordi.» | |
Hose | NorSMB | 6:4 | Kva skal eg gjera med deg, Efraim? Kva skal eg gjera med deg, Juda? For kjærleiken dykkar er som ei morgonsky, liksom doggi som tidleg kverv. | |
Hose | NorSMB | 6:5 | Difor hev eg gjeve hogg ved profetarne. Eg hev drepe deim med min munns ord, og domarane dine for ut som ljoset. | |
Hose | NorSMB | 6:6 | For eg hev hug til kjærleik og ikkje til slagtoffer, og til Guds-kunnskap meir enn til brennoffer. | |
Hose | NorSMB | 6:9 | Og som ein røvarflokk som ligg på lur etter folk, er heile prestehopen; dei drep på vegen til Sikem. Ja, skamlaust fer dei åt. | |
Hose | NorSMB | 6:10 | I Israels hus hev eg set gruvelege ting. Der driv Efraim på med hor, sulkar Israel seg til. | |