I TIMOTHY
Chapter 3
I Ti | NorSMB | 3:1 | Det er eit sant ord: Um nokon trår etter eit tilsynsembætte, so hev han lyst til ei gjæv gjerning. | |
I Ti | NorSMB | 3:2 | Difor skal ein tilsynsmann vera ulastande, mann til ei kvinna, ædrueleg, visleg, verdig, gjestmild, dugleg til å læra frå seg, | |
I Ti | NorSMB | 3:5 | - um nokon ikkje veit å styra sitt eige hus, kor kann han då hava umsut for Guds kyrkja? - | |
I Ti | NorSMB | 3:7 | Men han skal og hava godt vitnemål av deim som er utanfor, so han ikkje skal få lastord og falla i djevelens snara. | |
I Ti | NorSMB | 3:8 | Like eins skal tenarane for kyrkjelyden vera vyrdelege, ikkje tvitunga, ikkje kjære etter mykje vin, ikkje lystne etter låk vinning, | |
I Ti | NorSMB | 3:10 | Dei og skal fyrst verta prøvde; sidan skal dei tena kyrkjelyden, um dei er ulastelege. | |
I Ti | NorSMB | 3:11 | Like eins skal kvinnorne vera vyrdelege, ikkje baktalande, men ædruelege, true i alle ting. | |
I Ti | NorSMB | 3:12 | Tenarane for kyrkjelyden skal kvar vera mann til ei kona og styra vel sine born og sine eigne hus. | |
I Ti | NorSMB | 3:13 | For dei som hev tent kyrkjelyden vel, dei vinn seg eit godt støde og stort frimod i trui på Kristus Jesus. | |
I Ti | NorSMB | 3:15 | men um eg drygjer, at du so skal vita korleis ein skal ferdast i Guds hus, som er kyrkja åt den livande Gud, pilaren og grunnvollen til sanningi. | |