I TIMOTHY
Chapter 1
I Ti | NorSMB | 1:1 | Paulus, Kristi Jesu apostel etter påbod frå Gud, vår frelsar, og Kristus Jesus, vår von, | |
I Ti | NorSMB | 1:2 | til Timoteus, min egtefødde son i trui: Nåde, miskunn, fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår Herre! | |
I Ti | NorSMB | 1:3 | Som eg bad deg vera att i Efesus, då eg for til Makedonia, for at du skulde bjoda sume folk at dei ikkje skal fara med framand læra, | |
I Ti | NorSMB | 1:4 | og ikkje ansa eventyr og endelause ættartal, som heller fører til stridsspursmål enn til å vera Guds hushaldarar i trui: so gjer no det! | |
I Ti | NorSMB | 1:5 | Men endemålet med bodet er kjærleik av eit reint hjarta og eit godt samvit og ei uskrymta tru, | |
I Ti | NorSMB | 1:7 | dei som vil vera lovlærarar, endå dei korkje skynar det dei sjølve segjer eller kva det er dei talar so fullvist um. | |
I Ti | NorSMB | 1:9 | so han veit dette, at lovi ikkje er sett for ein rettferdig, men for lovlause og agelause, ugudlege og syndarar, vanheilage og ureine, fadermordarar og modermordarar, manndråparar, | |
I Ti | NorSMB | 1:10 | horkarar, syndarar mot naturi, menneskjerøvarar, ljugarar, meineidarar, og um det elles er noko som er imot den heilsame læra, | |
I Ti | NorSMB | 1:12 | Eg takkar honom som gjorde meg sterk, Kristus Jesus, vår Herre, at han heldt meg for tru, med di han sette meg til tenesta, | |
I Ti | NorSMB | 1:13 | meg som fyrr var ein spottar og forfylgjar og valdsmann, men eg fekk miskunn, av di eg gjorde det uvitande, i vantru, | |
I Ti | NorSMB | 1:15 | Sant er det ordet og vel verdt å taka imot, at Kristus Jesus kom til verdi for å frelsa syndarar, og millom deim er eg den største; | |
I Ti | NorSMB | 1:16 | men difor fekk eg miskunn, at Jesus Kristus kunde syna alt sitt langmod på meg fyrst, til eit fyredøme for deim som skulde tru på honom til ævelegt liv. | |
I Ti | NorSMB | 1:17 | Men den ævelege konge, den uforgjengelege, usynlege, einaste Gud vere pris og æra i all æva! Amen. | |
I Ti | NorSMB | 1:18 | Dette bod legg eg deg på hjarta, min son Timoteus, etter dei spådomar som fyrr er sagde um deg, so du i deim skal strida den gode striden, | |
I Ti | NorSMB | 1:19 | med di du hev tru og eit godt samvit, som sume hev støytt ifrå seg og lide skipbrot på trui; | |