Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I TIMOTHY
1 2 3 4 5 6
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 4
I Ti NorSMB 4:1  Men Anden segjer klårleg, at i dei komande tider skal sume falla frå trui og halda seg til dårande ånder og lærdomar av djevlar
I Ti NorSMB 4:2  ved hykling av falske lærarar, som er brennemerkte i sitt eige samvit,
I Ti NorSMB 4:3  som forbyd å gifta seg og påbyd å halda seg frå mat, som Gud hev skapt til å verta motteken med takk av deim som trur og hev lært sanningi å kjenna.
I Ti NorSMB 4:4  For all Guds skapning er god, og inkje er til å vanda, når det vert motteke med takk;
I Ti NorSMB 4:6  Når du lærer brørne dette, so er du ein god Jesu Kristi tenar, med di du vert uppfødd med ordi av trui og den gode lærdomen som du hev fylgt.
I Ti NorSMB 4:7  Men haldt deg frå dei vanheilage og kjerringslege eventyr, men tem deg derimot upp i gudlegdom!
I Ti NorSMB 4:8  For den likamlege tamen er gagnleg til lite, men gudlegdom er gagnleg til alt; med di han hev lovnad for det livet som no er og for det som kjem.
I Ti NorSMB 4:10  For difor både arbeider me og lid hæding, for di me hev sett vår von til den livande Gud, som er frelsar for alle menneskje, mest dei truande.
I Ti NorSMB 4:12  Lat ingen vanvyrda deg for din ungdom, men ver eit fyredøme for dei truande i tale, i ferd, i kjærleik, i tru, i reinleik!
I Ti NorSMB 4:13  Til dess eg kjem, so legg vinn på fyrelesnaden, på påminningi, på læra!
I Ti NorSMB 4:14  Vanskøyt ikkje den nådegåva som er i deg, som vart gjevi deg ved profetord med handpåleggjing av dei eldste!
I Ti NorSMB 4:15  Tenk på dette, liv i dette, so din framgang kann vera kunnig for alle!
I Ti NorSMB 4:16  Gjev agt på deg sjølv og på læra, haldt ved med det! for når du det gjer, skal du frelsa både deg sjølv og deim som høyrer deg.