II CORINTHIANS
Chapter 12
II C | NorSMB | 12:1 | Eg lyt rosa meg, endå det ikkje er gagnlegt, men eg kjem no til syner og openberringar av Herren. | |
II C | NorSMB | 12:2 | Eg kjenner eit menneskje i Kristus - um han var i likamen, det veit eg ikkje, eller utanfor likamen, det veit eg ikkje, Gud veit det - ein som for fjortan år sidan vart rykt inn i den tridje himmelen. | |
II C | NorSMB | 12:3 | Og eg kjenner dette menneskjet, - um han var i likamen eller utanfor likamen, det veit eg ikkje, Gud veit det - | |
II C | NorSMB | 12:4 | han vart rykt inn i Paradis og høyrde usegjelege ord, som det ikkje er unnt eit menneskje å tala. | |
II C | NorSMB | 12:5 | Av dette vil eg rosa meg, men av meg sjølv vil eg ikkje rosa meg, utan av mi vanmagt. | |
II C | NorSMB | 12:6 | For um eg vil rosa meg, vert eg ikkje uvitug, for sanning kjem eg til å segja; men eg let det vera, so ingen skal tenkja større um meg, enn som han ser meg eller høyrer av meg. | |
II C | NorSMB | 12:7 | Og for at eg ikkje skal ovmoda meg av dei høge openberringar, so er det gjeve meg ein tagg i kjøtet, ein Satans engel, at han skal slå meg, so eg ikkje skal ovmoda meg. | |
II C | NorSMB | 12:9 | Og han sagde til meg: «Min nåde er nok åt deg; for mi kraft vert fullenda i vanmagt.» Helst vil eg difor rosa meg av mi vanmagt, so Kristi kraft kann bu i meg. | |
II C | NorSMB | 12:10 | Difor er eg vel til mods midt i vanmagt, i valdsverk, i naud, i forfylgjing, i trengslor for Kristi skuld. For når eg er vanmegtig, då er eg sterk. | |
II C | NorSMB | 12:11 | Eg hev vorte uvitug; de hev tvinga meg til det; for eg skulde havt lovord av dykk; eg var ikkje i noko mindre mann enn dei ovstore apostlar, endå eg er ingen ting. | |
II C | NorSMB | 12:12 | Ein apostels teikn vart gjorde hjå dykk i alt tolmod, med teikn og under og kraftige verk. | |
II C | NorSMB | 12:13 | For kva er det som de vart haldne ringare i enn dei andre kyrkjelydar, utan at eg sjølv ikkje var dykk til tyngsla? tilgjev meg denne uretten! | |
II C | NorSMB | 12:14 | Sjå, tridje gongen er eg buen til å koma til dykk og skal ikkje vera dykk til tyngsla. For eg søkjer ikkje dykkar gods, men dykk sjølve; for borni skal ikkje sanka skattar til foreldri, men foreldri til borni. | |
II C | NorSMB | 12:15 | Men eg vil gjerne ofra, ja, verta ofra for sjælerne dykkar, um eg enn vert mindre elska di meir eg elskar dykk. | |
II C | NorSMB | 12:16 | Men lat so vera at eg ikkje var dykk til tyngsla, men kann henda eg var svikfull og tok dykk med list? | |
II C | NorSMB | 12:18 | Eg talde Titus til og sende med honom bror vår. Hev Titus søkt vinning av dykk? For me ikkje fram i den same ånd? ikkje i dei same fotfar? | |
II C | NorSMB | 12:19 | Longe hev de tenkt at det er for dykk me forsvarar oss. Nei, det er for Guds åsyn me talar i Kristus. Men alt til dykkar uppbyggjing, mine kjære! | |
II C | NorSMB | 12:20 | For eg ottast for, at når eg kjem, skal eg ikkje finna dykk slike som eg vil, og at eg skal verta funnen av dykk slik som de ikkje vil - at der skal vera kiv, ovund, vreide, stridssykja, baktale, drøsor, ovmod, utstyr, | |