Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
II CORINTHIANS
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 6
II C NorSMB 6:1  Men som medarbeidarar legg me dykk og på hjarta, at de ikkje til unyttes må taka imot Guds nåde.
II C NorSMB 6:2  For han segjer: «I den tid som meg tektest, bønhøyrde eg deg, og på frelse-dagen hjelpte eg deg.» Sjå, no er det tid som tekkjest vel, sjå, no er det frelse-dagen!
II C NorSMB 6:3  Og me gjev ikkje meinstøyt i nokon ting, so ikkje tenesta skal verta lasta,
II C NorSMB 6:4  men i alt viser me oss som Guds tenarar: ved stort tolmod, i trengslor, i naud, i hugverk,
II C NorSMB 6:5  under slag, i fengsel, i upprør, i træling, i vaking, i fasta,
II C NorSMB 6:6  ved reinleik, ved skynsemd, ved langmod, ved godleik, ved den Heilage Ande, ved uskrymta kjærleik,
II C NorSMB 6:7  med sannings ord, med Guds kraft, med rettferds våpn på høgre og vinstre sida;
II C NorSMB 6:8  i æra og vanæra, med lastord og lovord, som villførande og endå sannferdige,
II C NorSMB 6:9  som ukjende og endå velkjende, som døyande, og sjå, me liver! som dei som vert refste, men ikkje ihelslegne,
II C NorSMB 6:10  som syrgjande, men alltid glade, som fatige, men som endå gjer mange rike, som inkje havande og endå eigande alt.
II C NorSMB 6:11  Vår munn er upplaten mot dykk, korintarar, vårt hjarta hev vidga seg ut.
II C NorSMB 6:12  De hev ikkje trongt rom hjå oss, men det er trongt i dykkar hjarto.
II C NorSMB 6:13  Men til likt vederlag - eg talar som til born -: vidga de og ut dykkar hjarto!
II C NorSMB 6:14  Gakk ikkje i framandt ok med vantruande! For kva samlag hev rettferd med urett? eller kva samfund hev ljos med myrker?
II C NorSMB 6:15  Og kva samklang er det millom Kristus og Belial? eller kva lut hev ein truande med ein vantruande?
II C NorSMB 6:16  Og kva semja hev Guds tempel med avgudar? For me er den livande Guds tempel, som Gud sagde: «Eg vil bu og ferdast millom deim, og eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.»
II C NorSMB 6:17  «Difor, gakk ut frå deim, og skil dykk frå deim, segjer Herren, og rør ikkje ved ureint, so skal eg taka imot dykk,
II C NorSMB 6:18  og eg skal vera dykk ein fader, og de skal vera meg søner og døtter, segjer Herren, den allmegtige.»