Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
II CORINTHIANS
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 9
II C NorSMB 9:1  For å skriva til dykk um hjelpi til dei heilage, det treng eg ikkje,
II C NorSMB 9:2  for eg kjenner dykkar viljuge hug, som eg rosar dykk for hjå makedonarane, med di eg segjer: «Akaia var ferdigt alt frå i fjor;» og ihugen dykkar tilskunda dei mange.
II C NorSMB 9:3  Men eg sender brørne, so ikkje vår ros yver dykk skal verta til inkjes i dette stykke, men at de, som eg sagde, skal vera ferdige,
II C NorSMB 9:4  so me - um eg ikkje skal segja de sjølve - ikkje skal få skam av denne tiltru, um det kjem makedonarar med meg og finn dykk uferdige.
II C NorSMB 9:5  Difor fann eg det naudsynlegt å telja brørne til å ganga i fyrevegen til dykk og fyreåt tilskipa gåva dykkar som fyrr var lova, so at ho kann vera ferdig som ei velsigning og ikkje som ei karg gåva.
II C NorSMB 9:6  Men det segjer eg: Den som sparleg sår, skal og sparleg hausta; og den som sår med velsigningar, skal og hausta med velsigningar.
II C NorSMB 9:7  Kvar gjeve som han set seg fyre i hjarta, ikkje med sut eller av tvang! For Gud elskar ein glad gjevar.
II C NorSMB 9:8  Og Gud er megtig til å gjeva dykk all nåde i rikt mål, so de i alle ting alltid kann hava all nøgd og vera rike til all god gjerning,
II C NorSMB 9:9  som skrive stend: «Han strøydde ut, han gav dei fatige, hans rettferd vert verande i all æva.»
II C NorSMB 9:10  Og han som gjev såmannen såkorn og brød til å eta, han skal og gjeva dykk sæde og gjera det rikelegt og gjeva vokster til frukterne av dykkar rettferd,
II C NorSMB 9:11  med di de i alt vert rike til all einfald kjærleik, som ved oss verkar takk til Gud.
II C NorSMB 9:12  For tenesta med denne hjelp utfyller ikkje berre det som vantar hjå dei heilage, men ber og rik frukt med takk til Gud ifrå mange,
II C NorSMB 9:13  då dei ved det sannrøynde hjartelag som denne hjelp syner, må prisa Gud for dykkar lydnad til å sanna Kristi evangelium, og for den einfalde truskapen i samfundet med deim og med alle,
II C NorSMB 9:14  med di dei og i bøn for dykk lengtar etter dykk for den Guds nåde som er so ovrik yver dykk.